Rulett (frå fransk roulette, «lite hjul»)[1] er eit hasardspel som vert spelt på kasino ved hjelp av eit spinnande ruletthjul og ei lita kule.[2] Spelet er leia av ein croupier som tek mot veddemåla og startar hjulet og kula. Han set i gang hjulet til å spinne eine vegen, og kula til å rulle hin. Folk set pengar på kor kula vert liggjande når hjulet har stogga. Ruletthjulet er delt inn i nummererte felt som er vekselvis raude og svarte, og ein kan spele på spesifikke nummer, par- eller oddetal, eller raudt eller svart.

Ruletthjulet har stogga og kula har lagt seg til på 12.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. ««rulett»». Nynorskordboka. Henta 25. august 2013. 
  2. Rolf Bryhn. ««rulett»». Store Norske Leksikon. Henta 25. august 2013.