Rune Belsvik
norsk skribent
Rune Belsvik (fødd 14. april 1956)[1] er ein norsk forfattar, særleg kjend for bøkene om Dustefjerten.
Rune Belsvik | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 14. april 1956 (66 år) i Haugesund |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1979- |
Debut | ...ingen drittunge lenger... |
Han skriv både for barn og vaksne, og har ein stor produksjon bak seg.
Han vart fødd i Haugesund, men voks opp på Stord. Seinare busette han seg i Kristiansand.
VerklisteEndra
- 1979 ...ingen drittunge lenger... (ungdomsroman)
- 1980 Skittplass, drittplass, paradis (høyrespel)
- 1981 Kram snø (ungdomsroman)
- 1981 Forteljingane mine (noveller)
- 1982 Den kalde krigen (høyrespel)
- 1982 Allslags dagar (barnebok)
- 1983 Mitt første kyss (høyrespel)
- 1983 Hærverk (skodespel)
- 1983 Sommar-jubel (barnebok)
- 1984 Tjo-hei
- 1985 Gummelum (skodespel)
- 1985 Sirkushestar og kaniner (noveller)
- 1986 Ein fisketur (høyrespel)
- 1987 Den som kysser i vinden, blæs ikkje bort aleine (barnebok)
- 1987 Erling Andersen og halve kongeriket (skodspel)
- 1987 Så lenge det er egg er det håp (barnebok)
- 1988 Alle dei fine jentene (ungdomsbok)
- 1989 Så susar vi rundt på ei stjerne (skodespel)
- 1989 Guten sin (roman)
- 1990 Eit hus fullt av mørker (ungdomsroman)
- 1990 Rosene i utlandet (forteljing)
- 1991 Dustefjerten (barnebok)
- 1992 Dustefjerten og det store bekketeatret (barnebok)
- 1992 Kjærleiken er eit filmtriks (ungdomsroman)
- 1993 Stryk meg, stryk meg (skodespel)
- 1993 Dustefjerten og den store gullfiskjakta (barnebok)
- 1994 Dustefjerten og den store marsipanfesten (barnebok)
- 1994 Utslett (roman)
- 1995 På nippet (ungdomsroman)
- 1996 Dustefjerten og den store vårdagen (barnebok)
- 1997 Bak ryggen til Margrethe (noveller for ungdom)
- 1998 Tønder (skodespel for ungdom)
- 1998 Jan og Aud fortel om egga sine (skodespel)
- 2000 Den store stilige Dustefjertboka
- 2000 Ein naken gut
- 2001 Verdas mest forelska par
- 2003 Dustefjerten og den store sommarferietur
- 2004 Over kvåsen
- 2005 Tøddel Blisterplytt
- 2007 Dustefjerten og andungen
- 2006 Verdas mest forelska par : skodespel
- 2007 Kommoden
- 2007 Den kjempestore småstilige Dustefjertboka : ei samlebok om livet i det vesle landet ved bekken
- 2008 Tjuven
- 2009 Forteljingar om Jolver
- 2012 Ho som var så søt (roman)
- 2013 Ein heilt vanleg fyr (roman)
- 2014 Verdas søtaste turist (roman), illustrert av Inger Lise Belsvik
- 2015 Kjendisen (barnebok)
- 2019 Fuglegutten (barnebok)
PrisarEndra
- 1979 Nynorsk barnelitteraturpris for ...ingen drittunge lenger...
- 1980 Nynorsk litteraturpris
- 1983 Melsomprisen
- 1984 Cappelenprisen
- 1987 Samlaget sin pris for beste barne- og ungdomsbok
- 1992 Nynorsk barnelitteraturpris for Kjærleiken er eit filmtriks
- 1993 Nynorsk litteraturpris
- 1994 Kulturdepartementet sin litteraturpris
- 1995 Sunnmørsprisen
- 1996 Kritikarprisen for Dustefjerten og den store vårdagen
- 2000 Brageprisen
- 2000 Nynorsk litteraturpris for Ein naken gut
- 2001 Kritikarprisen for Verdas mest forelska par
- 2006 Teskjekjerringprisen
ReferansarEndra
- ↑ ««Rune Belsvik (14.04.1956)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 17. februar 2016.
BakgrunnsstoffEndra
- Digitaliserte bøker av Rune Belsvik hjå Nasjonalbiblioteket
- Utgjevingar av Rune Belsvik i BIBSYS Ask[daud lenkje]