Rune Olijnyk (fødd 27. desember 1968) er ein norsk tidlegare skihoppar frå i Lørenskog. Han vann sølvmedaljen i storbakken under verdsmeisterskapen på ski 1991 i Val di Fiemme. Frå NM-tevlingar fekk han med seg tre bronsemedaljar. Han tevla for Lørenskog Idrettslag.

Rune Olijnyk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1968 (55 år)
Lørenskog
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1992

Karriere

endre

Olijnyk markerte seg på nasjonalt nivå i 1989-sesongen. Han fekk sin debut i verdscupen i desember 1989 i Thunder Bay. Beste plasseringa for den sesongen kom under den tysk-austerrikske hoppveka i Bischofshofen, ein sjuandeplass. Same sesongen kom han på tredjeplass under noregsmeisterskapen i normalbakken. Han vann då den fyrste av tre bronsemedaljar som kom på rad i sesongane 1990-92, alle i normalbakken. Klart nærast NM-tittelen var han i 1992 i Molde. Han var då 1,4 poeng bak meisteren Espen Bredesen og 0,2 poeng bak toaren, Lasse Ottesen.

I 1991 overraska Olijnyk stort under ski-VM i Val di Fiemme. Han erobra då sølvmedaljen i storbakken, 1,2 poeng bak ein annan overraskingsmann, Franci Petek frå Jugoslavia (Slovenia). I normalbakken vart han nummer 20. Dessutan var han med på det norske laget som i lagtevlinga kom på fjerdeplass. I verdscupen elles kom han i mars 1991 på fjerdeplass i Holmenkollen. Gjennom 1992-sesongen presterte han på eit lågare nivå. Han kom likevel med til vinter-OL i Albertville, der han var med i ein svak norsk hopptropp som oppnådde ein sjuandeplass i lagtevlinga som best, med Olijnyk på laget.

Olijnyk var med på Akershus sine lag som vann NM-sølv i 1991 og gull i 1992. Han la opp etter 1993-sesongen.

Besteplasseringar i internasjonale renn

endre
  • 1990: Nr 7 i Bischofshofen
  • 1991: Nr 4 i Holmenkollen
  • 1991/92: Nr 12 i Thunder Bay

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre