Rusfri Diil er eit rusførebyggjande ungdomsprosjekt for ungdom i alderen 13 – 21. «Diil» er ei omskriving av ordet deal, som er engelsk for avtale: Ungdomen gjer ein avtale om å vere rusfri i eit år.

Ansvarlege endre

Actis - Rusfeltets samarbeidsorgan har stått for den daglege drifta av Rusfri Diil fram til 2006, då ungdomsorganisasjonen Juvente overtok drifta. Prosjektet er eit samarbeid mellom organisasjonane Juvente, Blå Kors Ungdom, og MA:Ungdom. Føremålet til Rusfri Diil er å heva debutalderen for bruk av rusgifter blant ungdom.

Historie endre

Rusfri Diil vart oppretta i 1996, og ca. 55 000 ungdommar har skrive under ein «diil» så langt. Noverande medlemstal er over 12 000. Prosjektet er finansiert av Sosial- og helsedirektoratet, og er religiøst og partipolitisk uavhengig. Medlemskap er kostnadsfritt.

«Diilar» endre

Den individbaserte diilen er utgangspunktet for dei andre elementa som utgjer Rusfri Diil:

  • Rusfri Diil skoledagbok: Vert delt ut gratis til 3/4 av 8. klassingane i Noreg etter tinging frå skulane. Boka er mellom dei mest brukte skuledagbøkene i landet, og hadde størst opplag av norske skuledagbøker skuleåret 06/07.
  • Magazin Big Diil: Medlemsblad som vert sendt ut gratis til alle medlemar 4 gonger i året. Bladet skal vera eit alternativ til kommersialiserte og sexfikserte ungdomsblad, og fokuserer på aktiv og positiv livsstil framfor farane med rusmiddel.
  • www.diil.no: Heimesida til prosjektet. Denne fungerer òg som møtestad for medlemane. Her kan dei treffa andre medlemar frå heile Noreg og det finst spel, forum og andre aktivitetar.
  • Diil Påints: Ein kan få poeng for aktivitet og verving. Poenga kan ein veksla inn i m.a. produkt frå Rusfri Diil.
  • Rusfri Diil produkter: Eit utval «identitsmarkørar», bruksprodukt med logo på, som medlemene brukar for å visa standpunktet sitt.
  • Diil Aktivitet: Rusfri Diil arrangerer aktivitetar over heile landet i samarbeid med lokallaga i dei organisasjonane som deltek. Dette kan dreia seg om alt frå mindre samankomstar til store Diil Weekend med hundrevis av deltakarar over ei heil helg.
  • Rusfri Diil Tjenester: MMS, SMS og e-post-tenester stadig under utvikling, med både kommunikasjonskanalar og nedlastingar.
  • Rusfri Diil Radio: Rusfri Diil samarbeider med Kanal 24 om å levere innslag til radioprogrammet Jång.

Bakgrunnsstoff endre