Russisk musikk

Russisk musikk er musikk som er laga i Russland, av russarar eller på russisk.

HistorikkEndra

 
Den legendariske forteljaren Bojan måla av Viktor Vasnetsov i 1910.

Russisk musikk omfattar til å byrja med m.a. ei mengd gamle, folkelege rituelle songar og episke heltedikt.[1] Desse pleidde ein å framføra utan akkompagnement,[2] noko som gav songaren større rytmisk og tonal fridom. Kosakksongane (dumorna) var som regel akkompagnerte på kobsa eller bandura, eit instrument av luttypen. På 1800-talet blei balalaika og trekkspel populære folkeinstrument, og eldre instrument blei mindre populære.

 
Russisk ikon frå 1594 som viser kong David omgjeven av musikarar.

Russisk kyrkjesong var i slekt med den bysantinske, og var lenge einstemmig. Først mot slutten av 1600-talet blei fleirstemmig song akseptert. Då hadde russarane utvikla ein metode kjend som trelinjesong (trojestrotsjnoje penije) med ei melodilinje, diskant og bass. Samanlikna med vestleg musikk kan desse oppfattast som dissonante.[3]

 
Glinka og nokre av verka hans avbilda på russiske frimerke.

Moskva etterfølgde ved byrjinga av moderne tid Kiev som musikalsk sentrum, og det blei skipa eit hoffkapell der. På byrjinga av 1700-talet fekk tysk og italiensk musikk innverknad i Russland, etter at tsarina Anna Ivanovna fekk henta inn italeisnek operasongarar til hoffet på 1730-talet.[4]St. Petersburg blei eit nytt musikalsk sentrum. Mot slutten av hundreåret auka atter ein innanlandsk tonekunst fram med kyrkjelege verk, særleg av Dmitrij Bortnjanskij (1751-1825), og orkestermusikk og romansar (Joseph Koslovskij, 1757-1831). Men først med Mikhail Glinka (1804-57) sine operaer Livet for tsaren (1836) og Ruslan og Ludmila (1842) kom det eit verkeleg nybrot for den russiske musikken, der både vestleg og slavisk tradisjon var til stades.[5]

Frå denne tida blei konsertlivet utvikla i Moskva og Sankt Petersburg. Brørne Anton og Nikolaj Rubinstein (1829-94, 1835-81) fekk tyding for repertoar og standard. Det blei skipa til konservatorium og musikkskular. Med Pjotr Tsjajkovskij (1840-93) fekk Russland sin første symfonikar med internasjonalt ry. Samtidig med han var dei såkalla novatorane eller nyrussarane, blant dei Milij Balakirev (1837-1910), Aleksandr Borodin (1833-87), Modest Musorgskij (1839-81) og Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844-1908), som sterkare hevda nasjonalromantiske ideal.

Aleksandr Skrjabin (1872-1915) særmerkte seg med musikalske eksperiment som djerv harmonikk. Aleksandr Glasunov (1865-1936) hadde Rimskij-Korsakov som utgangspunkt, men orienterte seg etterkvart meir i vestleg retning. Seinromantikaren Sergej Rakhmaninov (1873-1943), kjend både som komponist, pianist og dirigent, høyrde til dei som forlet heimlandet i 1917. Igor Stravinskij hadde lenge budd i Frankrike, der samarbeidet hans med Djagilev og Den russiske balletten fekk stor tyding. Med djupe røter i tradisjonen blei han ein av dei leiande personlegdomane innan den moderne musikken.

Også Sergej Prokofjev (1891-1953) verka fleire år utanlands, men vende tilbake til heimlandet i 1934. Som Dmitrij Sjostakovitsj (1906-75) blir han rekna til dei leiande russiske komponistane i nyare tid, ofte i konflikt med styresmaktene sine direktiv om kva som skulle vera måla og forma til kunsten.

Andre komponistar som er internasjonalt kjende er Nikolaj Mjaskovskij (1881-1950) og elevane hans Aram Khatsjaturjan (1903-78) og Vissarion Sjebalin (1902-63), som tidvis blei skulda for manglande kontakt med folket. Som ein god representant for den sovjetiske musikken kan ein rekna Dmitrij Kabalevskij (1904-87), med band til Musorgskij og Borodin.

Ivan Dsersjinskij (1909-78) sin opera Stiller flyter Don (1935) blir offisielt rekna som ein sovjetrussisk mønsteropera. Den ukrainske komponisten Julij Mejtus (1903-97) har mellom anna teke opp ukrainske folkesongar og skrive ei mengd operaer, mellom dei 'Den unge garden'.

I den yngre generasjonen representerer Rodion Sjtjedrin (fødd 1935) ei konservativ linje. Han blei æra med den statlege musikkprisen i 1972. På 1960-talet blei den offisielle haldninga til avantgardistisk musikk meir liberal og det blei skipa eit eksperimentstudio i Moskva.

KorsongEndra

 
Stort sovjetisk kor i 1978.

Korsong er populært i Russland, ofte med ulike stemmer. Mannskor knytte til kloster og kyrkjer er særleg kjende for bruken sin av den djupe basstemma, basso profundo.[6] Nokre internasjonalt kjende kor er Den Røde Armés kor og Svesjnikov russiske statskor.

MusikkinstrumentEndra

 
Kvartetten Exprompt med typiske russiske instrument.

Typiske russiske instrument er balalaika, domra, bajan, gusli, tresjtjotki, piano og elgitar.

PopulærmusikkEndra

Ein av den meste populære musikarane i sovjettida var songaren Vladimir Vysotskij (1938–1980). På 1980-talet oppstod òg fleire populære sovjetiske rockegrupper som Kino og DDT.

Russland deltok i Eurovision Song Contest for første gong i 1994.[7] I 2000[8] og 2006[9] kom landet på andreplass i tevlinga, og i 2008 vann Russland med låten «Believe» framført av Dima Bilan.[10]

Sjå ògEndra

MusikkdømeEndra

KjelderEndra

  1. Bra Böckers lexikon, 1979.
  2. Beregovskaya, Claudia Philippovna Nikolskaya (15. oktober 2013), «The Birth and Evolution of the Choral Art in Russia», The IFCM Magazine (på engelsk), henta 21. august 2020 
  3. «Russian chant | music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  4. «Russia - Music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  5. «Opera - Russian opera», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  6. «Choir», www.hbf.lv, henta 20. august 2020 
  7. History of Russian participations in the contest, 1994.
  8. History of Russian participations in the contest, 2000
  9. History of Russian participations in the contest, 2006
  10. aftonbladet.se: Ryssland vann ESC

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Russisk musikk