42°59′59″N 131°49′58″E / 42.9997222°N 131.8327778°E / 42.9997222; 131.8327778

For øya med same namn i Karahavet, sjå Russkijøya i Karahavet.
Russkijøya
øy
Land  Russland
Del av Eugénie Øygruppe
Areal 97,6 km²
Folketal 5 204
Kart
Russkijøya
43°00′00″N 131°50′00″E / 43°N 131.83333333333°E / 43; 131.83333333333
Wikimedia Commons: Russky Island
Russkijøya

Russkijøya (russisk Русский остров, Russkij ostrov, ‘Den russiske øya’) er ei øy i Peter den store-bukta utanfor Vladivostok i Russland. Aust-Bosporus skil øya frå Muravjov Amurskij-halvøya.

I 1889 dannar Russkijøya ein del av forsvarsverket til festningsbyen Vladivostok. Gjennom fleire hundreår vart dei opphavlege trestrukturane erstatta av stein og på øya stod Fort Pospelov, som ein del av planane til oberst K. I. Velitsjko.

I 1992 svalt fire soldatar på den isolerte øya i hel og fleire andre soldatar vart sende til sjukehus på grunn av hunger. Kommandørane deira hadde ikkje send dei mat på fleire månader og saka vart ein nasjonal skandale.[1]

I 2007 vart det rapportert at president Vladimir Putin utvikla planar om å gjere øya om til ein stor feriestad. Dette var som eit svar på den betre økonomien til Kina og frykt for eit mogeleg kinesisk økonomisk hegemoni.

Øya må ikkje forvekslast med Russkijøya i Nordenskiöldøyane i Karahavet.

Nærliggande øyar endre

Kjelder endre

Fotnotar