Rutebuss er ein buss som går i fast rute mellom faste haldeplassar og etter fastlagde ruteplanar. Det kan vera bussar drivne av eit rutebilselskap som fraktar passasjerar over korte avstandar i opplandet til ein by eller tettstad, bybussar nytta i ei bykjerne, flybussar, men òg bussar som går i rute over lengre distansar, som til dømes ekspressbussar mellom byar.

Rutebussar parkerte på Bakkemyr i Aukra.

Historie endre

 
Omnibus i Paris på slutten av 1800-talet.

Medan det finst teikn på eksperiment med kollektivtransport i Paris så tidleg som i 1662,[1][2][3] finst det prov på ei «bussrute» frå Market Street i Manchester til Pendleton i Salford, skipa av John Greenwood i 1824.[4]

I 1826 starta den franske forretningsmannen Stanislas Baudry ei offentleg transportrute frå sentrum i Nantes til eit offentleg bad han hadde bygd. Han merka raskt at folk var like interesserte i å gå av på stader undervervegs på ruta, og endra henne til ein voiture omnibus, eller ‘vogn for alle’, som frakta passasjerar og post frå stad til stad. Hans omnibus hadde trebenkar langs kvar side av køyretøyet, og passasjerar gjekk på bak.

I 1828 skipa Baudry selskapet Entreprise générale des omnibus de Paris, medan sonen hans Edmond Baudry grunnla to liknande selskap i Bordeaux og Lyon. I juli 1829 blei det rapportert om eit nytt køyretøy, ein «omnibus», som gjekk frå Paddington til City of London, drive av George Shillibeer. Dette året blei det også starta ei omnibusteneste i New York av Abraham Brower, som gjekk langs Broadway frå Bowling Green.

Kjelder endre

  1. «Premiers omnibus à Nantes» (på fransk). 13. juni 2008. 
  2. «Year 1662, The First Public Bus, The Omnibus». 3 December 2010. [daud lenkje]
  3. «When was the horse-drawn urban omnibus introduced in Paris?». 3 December 2010. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 3 December 2010. 
  4. «Greater Manchester's Museum of Transport: Public Transport in Greater Manchester». Arkivert frå originalen 26. april 2011. Henta 14. november 2010.