Ruth
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå potetsorten Rutt.
Rut, Rutt og Ruth er mest kjend og brukt som eit bibelsk kvinnenamn med hebraisk bakgrunn. Det finst òg som mannsnamn og slektsnamn, då gjerne med norrønt opphav. Variantar av kvinnenamnet er portugisisk Rute og dei engelske kjælenamna Rue og Ruthie.
Namnet er blitt mykje brukt i både jødisk og kristen namnetradisjon. Ruth var eitt av dei ti mest brukte namna i USA mellom 1900 og 1930.
Rut har namnedag i Noreg den 28. november og i Sverige den 4. januar. Ein feirar Ruth i Danmark den 8. august og i Frankrike den 2. oktober.
Rut i Bibelen
endreHistoria om Rut, som valde eit jødisk liv sjølv om det førte med seg armod og utlegd, blir fortald i Ruts bok. Den hebraiske tydinga av namnet er noko uklar, men det tyder truleg venn, vennleg eller ei som følgjer.
Norrønt Rut
endreDet norrøne mannsnamnet Rut tyder 'bukk'. I soga om Olav den heilage høyrer me om ein Rut frå Viggja som blir slakta som ein bukk på heilag-Olav sine ordre.
Stadnamn og slektsnamn
endreRut og Ruth er begge engelske slektsnamn. Rut er òg blitt brukt som ein namnedel i engelske stadnamn, som grevskapet Rutland i Midlands og det oppdikta grevskapet Rutshire i bøker av Jilly Cooper.
Kjende namneberarar
endre- Ruth Smith Nielsen (1913–1958), færøysk målar
- Ruth Maier (1920–1942), austerriksk-jødisk flyktning til Noreg
- Rut Tellefsen (f. 1930), norsk skodespelar
- Ruth Fuchs (1946-2023), tysk friidrettsutøvar
- Ruth Vatvedt Fjeld (f. 1948), norsk språkforskar
- Ruth Lillegraven (f. 1978), norsk diktar
- Ruth Rendell, amerikansk forfattar (løyndenamn for Barbara Vine)
Kjelder
endre- Rut i soga om Olav den heilage Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Rut hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Rutt hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ruth hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Ruth på behindthename.com