Rybnik er ein by sør i Polen i Schlesiske voivodskap, nær grensa til Tsjekkia. Han ligg om lag 290 km sør for Warszawa og 100 km vest for Kraków i utkanten av Øvre Schlesien storbyområde (polsk: Górnośląskie Zagłębie Węglowe, GZW).

Rybnik
Hovudplassen
Hovudplassen
Hovudplassen
Flagget til Rybnik Byvåpenet til Rybnik
Flagget til Rybnik Byvåpenet til Rybnik


Plassering
Rybnik is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Schlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
900-talet
1327
Borgarmeister Adam Fudali
Geografi
Flatevidd
 - By

148 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

141 382
  955/km²
Koordinatar 50°5′0″N 18°33′0″E / 50.08333°N 18.55000°E / 50.08333; 18.55000
Høgd over havet 210-290 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 44-200 til 44-292
Telefon-retningsnummer +48 32
Bilnummer SR
Nettstad: www.rybnik.pl

Rybnik er senter i eit eige storbyområde, Kolregionen Rybnik (Rybnicki Okręg Węglowy, ROW).

Historie endre

Opphavet til byen kan sporast tilbake til 800- eller 900-, då tre slaviske busetnader låg i dette området og etter kvart voks saman til ein by. Byen var del av Kongedømet Polen, men tyskarar flytta gradvis inn i området, som gradvis vart germanisert. I 1327 kom byen inn under Kongedømet Böhmen. På 1400-talet raserte husittane byen, og vart seinare slått i eit avgjerande slag på ein ås i nærleiken. Frå 1526 vart Böhmen, og lenet Schlesien, som Rybnik låg i, underlagt Habsburg.

I byrjinga av den austerrikske arvefølgjekrigen vart Rybnik annektert av Preussen i 1740. Kolindustrien vart viktig utover på 1700-talet. I 1871 vart Kongedømet Preussen ein del av Det tyske keisardømet. Etter den første verdskrigen vart Rybnik igjen ein del av Polen, for første gong sidan 1526. Under den andre verdskrigen vart Rybnik underlagt Nazi-Tyskland, men kom tilbake til Polen etter krigen. Tyskarane i byen vart då drive bort.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rybnik

Kjelder endre