Sætretindane

fjellmassiv i Ørsta kommune

Sætretindane er eit fjell i Ørsta kommuneSunnmøre med to toppar. Nøre Sætretinden er (1365 moh.), medan Søre Sætretinden er (1358 moh.).

Sætretindane
fjell
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Kart
Sætretindane
62°15′55″N 6°21′34″E / 62.265186°N 6.359572°E / 62.265186; 6.359572
Wikimedia Commons: Sætretindane

Fjellet ligg vest for Hjørundfjorden, og nord for Standalsdalen. Standalsætra ligg ved foten av Søre Sætretinden, og har gitt fjellet namn.

Sætretindane, med Nøre Sætretind til venstre og Søre Sætretind til høgre

Nøre Sætretinden er ikkje synleg frå Standalsætra, ein må vestover Standalsidet mot Myklebustsætra for å sjå denne.

For å nå toppen av Søre Sætretinden må ein vere van å klive i fjell. Tre britar, W. Norman Ling, Harold Priestman og Harold Raeburn, var dei fyrste som kleiv til topps. Det hende den 22. juli 1903.

Kjelder endre