Søgne kommune

tidligere kommune i Vest-Agder

Søgne er ein tidlegare norsk kommune sør i Vest-Agder fylke. Han låg mellom kommunane Kristiansand, Marnardal, Songdalen og Mandal. Kommunesenteret låg på Tangvall. 1. januar 2020 blei kommunen del av Kristiansand kommune.

Søgne kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Søgne
Areal 151 km²
 - land 144 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Astrid Margrethe Hilde (Ap)
Kommunenr. 1018
Kart
Søgne
58°05′39″N 7°46′21″E / 58.094166666667°N 7.7725°E / 58.094166666667; 7.7725
Wikimedia Commons: Søgne
Nettstad: www.sogne.kommune.no

Søgne er kjend for skjergarden med 1 229 holmar og skjér. Kommunen har vore den i landet med flest[treng kjelde] soltimar i året. Fleire kjende diktarar og kunstnarar har budd i Søgne, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson og Vilhelm Krag. Namnet «Søgne» kjem av elva med det norrøne namnet Sygna, no Søgneelva. Namnet tyder 'Sygna-dalen'.

Frå Høllen, som er Søgne si «hamn», kan ein ta rutebåt til dei folkesette øyane Ny-Hellesund og Borøya. I tillegg kan ein vitja Olavsundet og kystfortet i Ny-Hellesund. I Høllen låg det tidlegare eit båtbyggeri/verft.

Tettstader endre

Bakgrunnsstoff endre

58°5′47.9″N 7°48′53.7″E / 58.096639°N 7.814917°E / 58.096639; 7.814917