Søndagsbokstav (av kyrkjelatin Litera dominicalis) er ein bokstav som svarer til årets første søndag, når 1. januar vert nedskrive med A, dei følgjande seks dagane i alfabetisk orden til G, 8. januar igjen A osv. I skotår får både 24. og 25. februar bokstaven F, slik at ein før 24. februar reknar med ein søndagsbokstav og etter 24. februar reknar med den næraste føregåande. Om ein kjenner årets søndagsbokstavar, kan ein lett gje vekedagen for ein særskild dato, sidan alle datoar som har denne bokstaven vil vere søndag. Til eit kvart soltal svarar ein (eller to) søndagsbokstavar, og etter ein solsyklus vil søndagsbokstavane gjenta seg i same rekkefølgje.

Kjelder endre