Sør-Fron kommune
kommune i Innladet fylke i Noreg
Sør-Fron er ein kommune i Innlandet fylke og ligg i Gudbrandsdalen om lag 70 kilometer nord for Lillehammer. Han grensar til Nord-Fron kommune i nordvest, Folldal kommune i nord, Ringebu kommune i aust, og Gausdal kommune og Øystre Slidre kommune i sør.
Sør-Fron kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Hundorp | ||
Areal | 742 km² | ||
• land | 716 km² | ||
• vatn | 26 km² | ||
Folketal | 3 119 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ole Tvete Muriteigen (Sp) | ||
Kommunenr. | 3438 | ||
Sør-Fron kommune 61°34′08″N 9°55′24″E / 61.568888888889°N 9.9233333333333°E | |||
Kart som viser Sør-Fron kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sør-Fron | |||
Nettstad: www.sor-fron.kommune.no |
Dei viktigaste næringsvegane er landbruk, industri og turisme.
I perioden 1966–1977 var Sør-Fron og Nord-Fron kommune slegne saman til ein kommune, Fron kommune.
Kultur
endreKommunevåpenet til Sør-Fron er ei kølle til minne om den Kolbein sterke slo sund Torsfiguren til Dale-Gudbrand med under innføringa av kristendommen.
Peer Gynt-spelet blir arrangert kvart år på Gålå som ligg i kommunen.
Verdt å sjå i Sør-Fron
endre- Hundorp, garden åt Dale-Gudbrand
- Sør-Fron kyrkje
- Sygard Grytting
- Hiet
- Peer Gynt-spelet på Gålå
- Fjelltur til Ruten
Bilete
endre-
Sør-Fron kyrkje, av og til kalla «Gudbrandsdals-katedralen»
-
Gravhaug ved Dale-Gudbrand sin gard på Hundorp
-
Hundorp stasjon
Kjente folk frå Sør-Fron
endreEin person frå Fron vert kalla frøning.
- Hans Borolien (1860–1952), gammaldansmusikar
- Trond Halle (1952–2020) og musikkgruppa Baksi'a