Sør-Shetlandsøyane

Sør-Shetlandsøyane er ei antarktisk øygruppe som ligg kring 120 km nord for Den antarktiske halvøya,[1] med eit samla areal på 3687 km². I følgje Antarktistraktaten frå 1959 er statsvelde over øyane verken anerkjent eller motstridd av medlemslanda av avtalen, og dei kan berre nyttast til fredlege føremål.

Sør-Shetlandsøyane
øygruppe
Renier Point, aust på Livingston Island.
Land  Storbritannia
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°0′S 58°0′W / 62.000°S 58.000°W / -62.000; -58.000
Høgaste punkt Mount Foster
 - høgd 2 105 moh.
Areal 3 687 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Sør-Shetlandsøyane
62°S 58°W / 62°S 58°W / -62; -58
Kart over Sør-Shetlandsøyane.
Kart over Sør-Shetlandsøyane.
Kart over Sør-Shetlandsøyane.
Sør-Shetlandsøyane is located in Antarktis
Sør-Shetlandsøyane (Antarktis)
Wikimedia Commons: South Shetland Islands
Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Astronautbilete 2011.
Williams Point, oppdaga 19. februar 1819
Norsk kvalfangarbåt ved Half Moon Island
Ongal Peak i Tangra Mountains

Storbritannia har gjort krav på øyane sidan 1908 og dei har vore ein del av Britisk Antarktis sidan 1962. Dei er òg gjort krav på av Chile (sidan 1940, som ein del av Chilensk Antarktis) og av Argentina (sidan 1943, som ein del av Argentinsk Antarktis og provinsen Eldlandet).

Fleire land har forskingsstasjonar på øyane. Dei fleste av dei ligg på King George Island, der det ligg ein chilensk flyplass ved basen Eduardo Frei.

Det er i dag seksten forskingsstasjonar på øyane. Forskinga er ofte samarbeid mellom forskjellige nasjonar og den chilensk-amerikanske Shirreff Base er eit døme på dette.

Historie endre

Nederlendaren Dirck Gerritsz i 1599 eller spanjolen Gabriel de Castilla i 1603 skal visstnok ha segla sør for Drakesundet til Sør-Shetlandsøyane, men dette har aldri vore stadfesta. I 1818 fekk Juan Pedro de Aguirre løyve av styresmaktene i Buenos Aires til å opprette ei verksemd for selfangst på «nokre folketomme øyar nær Sørpolen».[2]

Kaptein William Smith på den britiske briggen «Williams» skulle segle til Valparaiso i Chile i 1819 då han kom for langt sør for ruta si rundt Kapp Horn, og 19. februar oppdaga han Williams Point, det nordlegaste punktet på Livingston Island. Livingston Island vart derfor det første landområde ein med tryggleik kan sei vart oppdaga sør for 60 ºS. Smith vitja igjen Sør-Shetlandsøyane og gjekk i land på King George Island den 16. oktober 1819, og gjorde krav på øyane for Storbritannia.

Samstundes forliste det spanske marinefartøyet «San Telmo» i september 1819 då det prøvde å passere Drakesundet. Delar av det som visstnok skulle vere vraket av skipet vart funnen månader seinare av selfangarar på nordkysten av Livingston Island.

Frå desember 1819 til januar 1820 vart øyane kartlagd av løytnant Edward Bransfield ombord på «Williams».

Alt den 15. november 1819 informerte den amerikanske agenten i Valparaíso, Jeremy Robinson, den amerikanske ministeren John Quincy Adams om oppdaginga til Smith, og eit amerkansk skip vart sendt for å utforske øyane.

Oppdaginga av øyane trekte til seg britiske og amerikanske selfangarar. Det første selfangarskipet som opererte i området var briggen «Espirito Santo» som britiske handelsfolk leigde i Buenos Aires. Skipet nådde fram til Rugged Island utanfor Livingston Island, der det britiske mannskapet gjekk i land juledag i 1819, og gjorde krav på øyane for kong Georg III. Den amerikanske briggen «Hersilia» følgde tett etter «Espirito Santo» frå Falklandsøyane, kommandert av kaptein James Sheffield (med førstestyrmann Nathaniel Palmer), den første amerikanske selfangaren på Sør-Shetlandsøyane.

Den første overvintringa i Antarktis fann stad på Sør-Shetlandsøyane, då elleve britiske menn på skipet «Lord Melville» ikkje klarte å kome seg unna i tide mot slutten av sommaren 1820-1821. Dei klarte å overleve vinteren på King George Island og vart redda utpå våren.

Den russiske antarktisekspedisjonen leia av Fabian von Bellingshausen og Mikhail Lazarev segla kring Antarktis og nådde fram til Sør-Shetlandsøyane i januar 1821. Russarane kartla øyane og gav dei namn, og gjekk i land på både King George Island og Elephant Island. Medan dei segla mellom Deception Island og Livingston Island, vart Bellingshausen vitja av Nathaniel Palmer, kaptein på den amerikanske briggen «Hero», som informerte han om aktivitetane til dusinvis av amerikanske og britiske skip i området.

Namnet «New South Britain» vart nytta ei kort stund, men det vart snart endra til Sør-Shetlandsøyane (kalla opp etter Shetlandsøyane nord for Skottland). Namnet Sør-Shetlandsøyane, eller South Shetland Islands, er i dag det internasjonale anerkjente namnet på øyane. Begge øygruppene ligg om lag like nær kvar sin pol, men Sør-Shetlandsøyane har langt harde klima.

Det vart drive selfangst og kvalfangst kring øyane på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Frå 1908 vart øyane underlagt Falklandsøyane Dependency men har berre vore nytta for vitskaplege føremål etter 1944. Øygruppa, i lag med Den antarktiske halvøya og Sør-Georgia i nærleiken, er eit stadig meir populært turistmål om sommaren.

Geografi endre

Øyane ligg i området 61° 00'–63° 37' S, 53° 83'–62° 83' W. Øyane ligg 940 km sør for Falklandsøyane, og mellom 93 km (Deception Island) og 269 km (Clarence Island) nordvest og og nord for det næraste punktet på det antarktiske kontinentet, Graham Land.

Sør-Shetlandsøyane består av 11 store øyar og fleire mindre øyar som i alt dekkjer 3687 km². Mellom 80 og 90 prosent av landområdet er permanent dekt av isbrear. Det høgaste punktet i øygruppa er Mount Irving på Clarence Island med 2300 meter over havet.

Sør-Shetlandsøyane strekkjer seg 450 km frå Smith Island og Snow Island i vest-sørvest til Elephant Island og Clarence Island i aust-nordaust.

Klima endre

Øyane er kring like langt frå ekvator som Færøyane i Nord-Atlanteren, men fordi dei ligg nær Antarktis har dei langt kaldare klima. Havområdet kring øyane er dekt av is frå tidleg i april til tidleg i desember og den månadlege middeltemperaturen er under 0 °C åtte månader av året (april til november).

Isbreane på øyane har vore i tilbaketrekking dei siste åra, men likevel er meir enn 80 % av øyane dekte av snø og is gjennom heile sommaren.

Vêret er som regel skya og fuktig året rundt med ein sterk vestavind. Dei mest solrike periodane er ofte knytt til periodar med særs kaldt vêr seint på vinteren og våren. Middeltemperaturen på sommaren er berre kring 1,5 °C og om vinteren kring -5 °C. Påverknaden frå havet gjer at temperaturane varierer forholdsvis lite gjennom året.[3]

Øyar endre

Frå nord til sør er dei største øyane i Sør-Shetlandsøyane:

 
Varmt vulkansk bad i Port Foster, Deception Island

Dei russiske namna over er historiske og ikkje lenger i offisielt bruk i Russland.

Dyre og planteliv endre

Trass i det harde klimaet er det vegetasjon på øyane og dei høyrer til økoregionen Scotiahavet øytundra i lag med Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, Sør-Orknøyane og Bouvetøya. All desse øyane ligg i det kalde havet sør for Den antarktiske konvergensen. Områda har tundravegetasjon som består av mosar, lav og algar. I farvatna kring øyane lever sjøfugl, pingvinar og sel.

Forskingsstasjonar endre

 
St. Kliment Ohridski
 
Bellingshausen-basen (Russland) på King George Island

Fleire nasjonar har forskingsstasjonar på øyane:

Feltleiarar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «South Shetland Islands». North Dakota State University. Henta 16. oktober 2012. 
  2. Historia Antártica
  3. GHCN Climate data, GISS data publications, period 1978-2007
  • Denne artikkelen bygger på «South Shetland Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2012.
  • A. G. E. Jones, Captain William Smith and the Discovery of New South Shetland, Geographical Journal, vol. 141, no. 3 (November 1975), s. 445–461.
  • Alan Gurney, Below the Convergence: Voyages Toward Antarktis, 1699-1839, Pingvin Books, New York, 1998.
  • R. J. Campbell ed., The Discovery of the Sør-Shetlandsøyane: The Voyage of the Brig Williams 1819-1820 and the Journal of Midshipman C. W. Poynter, the Hakluyt Society, London, 2000.
  • Capt. Hernán Ferrer Fougá, El hito austral del confín de América. El cabo de Hornos. (Siglo XIX, 1800-1855.) (Segunda parte.). Revista de Marina, Valparaíso, 2004, n° 1.
  • General Survey of Climatology V12, Landsberg red. (1984), Elsevier.

Bakgrunnsstoff endre