Opna hovudmenyen
Landa i Søraust-Asia med flagg.
ASEAN-landa avmerkt på verdskartet.
Regionar i Asia ██ Nord-Asia ██ Sentral-Asia ██ Sørvest-Asia ██ Sør-Asia ██ Aust-Asia ██ Søraust-Asia

Søraust-Asia er ein region i Asia som omfattar området sør for Kina og aust for India. Regionen omfattar 11 land, mange av dei øystatar: Brunei, Kambodsja, Aust-Timor, Indonesia, Laos, Malaysia, Burma (Myanmar), Filippinane, Singapore, Thailand og Vietnam. Til saman bur det rundt 593 millionar innbyggjarar her. Bortsett frå Aust-Timor har landa danna ei blokk kalla Association of Southeast Asian Nations (ASEAN).

Omgrepet «Søraust-Asia» blei først brukt etter andre verdskrigen. Før dette blei regionen gjerne kalla Bakindia eller Indokina for fastlandsområdet, og Malayiske Arkipel for øyane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Søraust-Asia
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.