Sørum kommune

tidlegare kommune i Akershus fylke i Noreg

Sørum kommune var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen låg på Romerike, på begge sider av Glomma, og grensa i nord til Ullensaker, i aust til Nes og Aurskog-Høland, i sør til Fet og i vest til Gjerdrum og Skedsmo. Administrasjonssenteret i Sørum kommune var Sørumsand.

Sørum kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Sørumsand
Areal 207 km²
 - land 205 km²
 - vatn km²
Målform nøytral
Ordførar Marianne Hansen (H)
Kommunenr. 0226
Kart
Sørum kommune
59°59′14″N 11°14′25″E / 59.98709°N 11.24019°E / 59.98709; 11.24019
Wikimedia Commons: Sørum
Nettstad: www.sorum.kommune.no

Kommunen vart oppretta i 1963 da dei tidlegare kommunane Sørum og Blaker vart slått saman.[1] Den 1. januar 2020 var kommunen slege saman med Fet og Skedsmo kommunar til nye Lillestrøm kommune.[2]

Namnet Sørum kjem av norrønt suðr (sør) og heim. Kommunevåpenet vart godkjent i 1981 og har ei raud rose med fem kronblad mot ein gull bakgrunn. Motivet er basert på det gamle adelsvåpenet til Sudreimsætta.[3]

Næringsliv endre

 
Bingsfossen ved Sørumsand
 
Sørumsand stasjon på museumsbanen Tertitten

Jordbruksarealet og husdyrholdet var det største blant kommunane på Nedre Romerike. Jordbruket har vore viktig vest for Glomma der anslagsvis 40 % av arealet er dyrka mark. Korndyrking og storfehald var dei viktigaste driftsformene. Det kuperte landskapet vest for Glomma skapte tidlegare problem for mekaniseringa av jordbruket, og store areal er derfor planert ut. Industrien er dominert av verkstadindustri og kjemisk industri. Det er kraftstasjonar i Rånåfoss og Bingsfoss, begge i Glomma.[1]

Samferdsel endre

I nordvest går E6 gjennom kommunen. Fylkesveg 171 (Frogner–Sørumsand–Aurskog) knyter kommunen med E6 til Lillestrøm og Oslo. Det er fylkesvegar på begge sider av Glomma til Nes (fylkesveg 173 og 175), og på austsida til Fet (fylkesveg 172). Heilt i sør går fylkesveg 170 Fetsund–Bjørkelangen, bygd som kompensasjon for Aurskog-Hølandsbanen (Sørumsand–Skulerud) som vart lagt ned i 1960. Det er bruer over Glomma ved Bingsfoss og Rånåsfoss. Hovedbanen og Gardermobanen frå 1998 går gjennom kommunen i nordvest. Kongsvingerbanen følgjer austsida av Glomma.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre