Systermarihand

planteart
(Omdirigert frå Søstermarihand)
Systermarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar Systermarihand
Systermarihand

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. sambucina
Vitskapleg namn
Dachtylorhiza sambucina
(Linné) Soó
Økologi
Habitat: tørre bakkar, eng
Utbreiing: Eurasia

Systermarihand (Dactylorhiza sambucina) er ein 20 cm høg orkidé. Han høyrer til marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]

Utsjånad endre

Systermarihand har breie, butte blad og hol stengel. Planten blomstrar tidleg om våren, før vårskjerpen gjer marka tørr – i mai i Sverige og Danmark, i juni i Noreg. Plantar med purpurraud og lysgule blomstrar veks om ein annan, men i Noreg er det berre funne plantar med gule blomstrar. Blomstrane sit i eit tett aks med lange støtteblad.

Rotknollane - ei lys frå året og ein mørk frå fjoråret - skal likne to menneskekroppar som er klemte mot kvarandre, og kan ha gjeve opphav til namnet.

Utbreiing endre

 
I Sverige veks raude og gule plantar om einannan; dei kallar han Adam och Eva

Systermarihand veks på tørre bakkar og enger. I Noreg veks planten frå Arendal i sør til Sigdal i nord og frå Tinn i vest til Øvre Eiker og Lardal i aust, med ein isolert førekomst på Asmaløy, Hvaler, oppdaga i 2021.[2][3]

Arten finst òg, med båe fargeformene, i Sverige (status LC, svensk namn Adam och Eva),[4] i Danmark (EN, dansk namn hylde-gøgeurt)[5] og i Finland (VU, finsk namn seljakämmekkä).[6] Elles veks han i fjellområde andre stader i Europa.

I Estland var systermarihand (estisk namn leeder-sõrmkäpp) rekna som regionalt utdøydd (RE),[7] men i 2021 vart arten oppdaga på Saaremaa etter 120 år.[8]

Hybridar endre

Ein hybrid mellom systermarihand og skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × sambucina eller Dactylorhiza ×influenza)[9] er registrert i Uppland i Sverige[10] og i eldre funn på Åland,[11] men funna er ikkje verifiserte. Nyare funn av ein hybrid med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × sambucina) i Småland i Sverige[12] er heller ikkje verifiserte.

Kultur endre

Systermarihand er knytt til gammaldags driven kulturmark. Ho er avhengig av ugjødsla slåtteenger og beitemarker med god tilgang på lys. Med moderne jordbruk er dette kulturlandskapet truga, og systermarihand er derfor totalfreda i Noreg[13] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[14]

Systermarihand er fylkesblomster for Telemark.[15]

Referansar endre

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar systermarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. «Artskart: Systermarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  3. Jan Ingar Båtvik (2023). «Orkidéene på Hvaler – og det overraskende nyfunnet fra 2021, søstermarihand Dactylorhiza sambucina». Blyttia 81 (3): 152–153. ISSN 0006-5269. 
  4. «Artfakta: Dactylorhiza sambucina Adam och Eva». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Naturbasen: Hylde-Gøgeurt Dactylorhiza sambucina». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  6. «LAJI: Dactylorhiza sambucina». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  7. «eElurikkus: Dactylorhiza sambucina» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  8. «Orchid rediscovered on Saaremaa after 120 years». err.ee. 8. juni 2021. Henta 5. februar 2023. 
  9. «PoWO: Dactylorhiza × influenza». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  10. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × sambucina skogsnycklar × Adam och Eva». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  11. «LAJI: Dactylorhiza maculata × sambucina». LAJI.FI. Henta 26. januar 2023. 
  12. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata × sambucina ängsnycklar × Adam och Eva». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  13. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022. 
  14. «Raudlista: Systermarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  15. «Fylkesblomst for Telemark: Søstermarihånd». Naturhistorisk museum. Henta 19. januar 2024. 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre