S.O.S. (Too Bad)
Singel av Aerosmith
frå albumet Get Your Wings
B-side

Lord of the Thighs

Utgjeve 20. februar 1975
Innspelt 17. desember 1973–14. januar 1974
Studio Record Plant i New York City
Sjanger
Lengd 2:51
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler
Produsent Jack Douglas
Aerosmith-kronologi 
«Train Kept A-Rollin'»
(1974)
S.O.S. (Too Bad) «Sweet Emotion»
(1975)


«S.O.S. (Too Bad)» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han kom ut i 1975 som den tredje singelen frå det andre albumet deira, Get Your Wings.

Bakgrunn endre

Låten er skriven av Steven Tyler, og er ein hardrockande song med fokus på sex og snusk, med refrenget «I'm a bad, lonely school boy, and I'm a rat, and it's too bad, can't get me none of that.» Songen startar med ein raskt trommerytme og eit grunnleggjande gitarriff, deretter bremsar han ned og byggjer seg opp igjen, med Steven Tyler sin raske, kraftige tekst som akkompagnerer. Det lyriske innhaldet i songen og den musikalske stilen er i retning av «blooze», ein tøffare hardrockversjon av bluesmusikk, ofte med tekstar som fokuserer på sex, narkotika og det urbane livet.

«S.O.S. (Too Bad») har vorte skildra som ein proto-pønklåt, med mange element som føregrip pønkrockeksplosjonen, inkludert mørke lyriske tema.[1]

Record World sa «Her kjem [Aerosmiths] hardrock-suverenitet til unnsetning.»[2]

Songen har halde fram med å vere ein fanfavoritt og har vore ein fast del av settlistene på dei seinare turneane til Aerosmith, som Rockin' the Joint Tour og Route of All Evil Tour.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Aerosmith. s. 86. Henta 5. juli 2022. 
  2. «Single Picks» (PDF). Record World: 26. 8. mars 1975. Henta 10. mars 2023.