Simple Mail Transfer Protocol
(Omdirigert frå SMTP)
Simple Mail Transfer Protocol (SMTP) er ein nettverksprotokoll som blir brukt for å overføre e-post mellom tenarar. Meldingane kan så bli lasta ned av klientar ved hjelp av POP eller IMAP. I tillegg blir SMTP ofte brukt til å sende e-postmeldingar frå klientar til tenarar. Vanlegvis skjer overføringa på port 25.