SN 1572

SN 1572 (Tycho Brahes nova) eller 3C 10 var ein supernova i stjernebiletet Kassiopeia, observert første gongen 11. november 1572 og skildra av Tycho Brahe i boka De nova stella (1573). Ved maksimum var han like lyssterk som planeten Venus og synleg om dagen. Det var ein av kring åtte supernovaer som har vore synleg for det nakne auga i historisk tid.

Restane av SN 1572 sett i røntgenlys frå Chandra røntgenobservatorium.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: SN 1572

Koordinatar:   00h 25m 21s, +64° 09′ 15″