SS-13
SS-13 var eit tre-trinns interkontinentalt ballistisk missil (ICBM) med 45 tonns løftevekt med fast drivstoff. Missilet hadde ei rekkevidde på 8000 km frå silo og hadde berre eitt stridshovud på eit halvt megatonn. Navigasjonssystemet var berre tregleiksstyring og trefftryggleiken var om lag 2 km i målområdet.
Kjelder
endre- ↑ Zak, Anatoly. «RT-2». RussianSpaceWeb. Henta 17. januar 2012.
- ↑ «Rocket RT-2P». RKK Energia. Arkivert frå originalen 3. september 2013. Henta 17. januar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «SS-13» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.