SSB-modulasjon, frå engelsk Single sideband, SSB, som tyder 'enkelt sideband' er ein modulasjonstype for radio.

Ulike dobbelt- og enkeltsidebandsmodulasjonsformer med negative/positive frekvensar på x-aksen.
Ovanfrå:
(1) Standard lågfrekvent signal som vert nytta til modulasjon.
(2) Standard amplitudemodulasjon med lågfrekvent signal påmodulert ei berebølgje (AM-DSB) (grå lodrette strekar, eng. carrier).
(3) AM-DSB/SC med lågfrekvent signal påmodulert ei berebølgje (DSB med undertrykt berebølgje, SCsupressed carrier) (grå lodrette streker, eng. carrier).
(4) AM-SSB USB med lågfrekvent signal påmodulert ei berebølgje.
(5) AM-SSB LSB med lågfrekvent signal påmodulert ei berebølgje.

Modulasjonstypen har utgangspunkt i amplitudemodulasjon, der AM-signalet, som er samansett av eit øvre og eit nedre sideband og berebølgjerest, vert filtrert slik at berre eit av sidebanda sidan vert forsterka og senda ut. Derved nytter ein sendeeffekt og bandbreidde betre.

Mottakinga går føre seg som ved AM, men ei sinussvinging frå ein lokaloscillator vert tilført AM-detektoren, og resten av berebølgja vert filtrert vekk.

Der er to typer av enkelt-sidebandsmodulasjon (SSB):

  • USB – der øvre (upper) sideband er bevart.
  • LSB – der nedre (lower) sideband er bevart.