SS «Statsraad Lehmkuhl»

norsk skuleskip

SS «Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta bark bygd ved skipsverftet Joh. C. Tecklenborg i Geestemünde i Tyskland. I dag er seglskipet eigd av stiftinga Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl og er skuleskip med heimehamn i Bergen. Det var opphavleg eit av tre skuleskip for den tyske handelsflåten og hadde namnet «Grossherzog Friedrich August» så lenge det var tysk. Statsråd Lehmkuhl er den største barken som framleis seglar som var bygd i seglskutetida. Sidan det vart bygd som skuleskip er mastene kortare enn om det hadde vore ei kommersiell seglskute på denne tida.[1]

Barken SS «Statsraad Lehmkuhl» under fulle segl

Etter den første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigsbytte. I 1921 vart det kjøpt av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl, og vart då oppkalla etter Lehmkuhl. Med unnatak av under andre verdskrigen har skipet seinare vore Bergen sitt skuleskip. Skipet vert òg nytta som skuleskip av Sjøkrigsskulen og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret nyttar skipet til lengre tokt mellom anna til Kanariøyane og Karibia. I dei periodane SS «Statsraad Lehmkuhl» vert nytta av Sjøforsvaret vert skipet gjort om til KNM «Statsraad Lehmkuhl».

Tekniske data endre

Søsterskip endre

Statsraad Lehmkuhl har tre systerskip:

  • Dar Pomorza (Opphavleg Prinzess Eitel Friedrich)
  • Duchesse Anne (Opphavleg Großherzogin Elisabeth)
  • Schulschiff Deutschland

The Tall Ships Races endre

«Statsraad Lehmkuhl» har fleire gonger deltatt i The Tall Ships Races, som er ein regatta for store seglskuter. Regattaen var tidlegare kjent som «The Cutty Sark Tall Ships' Races».

Resultat The Tall Ships Races endre

År Frå Til Plassering
1960   Oslo   Ostende Gull
1964   Lisboa   Bermuda 6. plass
1966   Falmouth   Skagen Bronse
1970   Plymouth   Tenerife Sølv
1993   Newcastle   Bergen Gull
1993   Larvik   Esbjerg Gull
1997   Aberdeen   Trondheim Gull
1997   Stavanger   Göteborg Bronse
1999   St. Malo   Greenock Bronse
1999   Lerwick   Aalborg Sølv
2001   Antwerpen   Ålesund 5. plass
2004   Antwerpen   Aalborg 5. plass
2004   Stavanger   Cuxhaven 4. plass
2007   Aarhus   Kotka Gull
2009   Åbo   Klaipėda Sølv
2010   Antwerpen   Ålborg Sølv
2011   Lerwick   Stavanger Sølv
2013   Aarhus   Helsingfors Gull
2013   Riga   Szczecin Gull

Kjelder endre

  1. Koza, Thaddeus (2002), Tall ships (3., oppdat. og rev. utg.), Tide-Mark Press, ISBN 1-55949-740-8, OCLC 51090952, henta 15. august 2021 

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre