Sabkhat al-Jabbul
Sabkhat al-Jabbūl, Mamlahat al-Jabbūl eller Jabbūlsjøen (arabisk سبخة الجبول) er ein stor saltsjø, som varierer stort gjennom årdet, med tilhøyrande saltsletter, 30 km søraust for Aleppo i Syria, i Bāb-distriktet i Aleppo guvernement. Han er den største naturlege innsjøen i Syria og den nest største etter den kunstige Assadsjøen. I 2009 dekka innsjøen kring 100 kvadratkilometer og var relativt stabil.[1] Saltslettene er store og synlege frå verdsrommet. Området omfattar Sabkhat al-Jabbul naturrservat for å verne villfuglane som hekkar her.[2]
Sabkhat al-Jabbul | |||
سبخة الجبول | |||
innsjø | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Koordinatar | 36°04′N 037°30′E / 36.067°N 37.500°E | ||
Areal | 100 km² | ||
Type | Saltsjø | ||
Sabkhat al-Jabbul 36°04′00″N 37°30′00″E / 36.06666667°N 37.5°E | |||
Kart som viser Sabkhat al-Jabbul.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Jabbul |
I dag ligg Sabkhat al-Jabbul i eit lukka nedslagsfsfelt, men under pleistocen var bassenget fylt opp, fløymde over og danna ei sideelv til Eufrat. Innsjøen vart tradisjonelt fylt opp om våren og krympa om sommaren og hausten. I 1988 starta eit kunstig vatningsprosjekt der store mengder av delvis salt vatn frå området kring fylte innsjøen slik at vasspegelen vart stabil.[1]
Ressursbruk
endreTidlegare vart områda nytta innan turisme, fuglejakt, beitemarkerer på dei kringliggande steppene og saltutvinning.[1] Al-Jubbul er ei stor saltkjelde i Syria, i lag med andre kjelder som Jayrud i Rif Dimashq guvernement, nordaust for Damaskus og Khatuniyahsjøen (Khatunia) i Al-Hasakah guvernement, nordaust for Al-Hasakah, nær landsbyen Al Hawi og den irakiske grensa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sabkhat al-Jabbul» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- «Jabbul Salty Lake سبخة جبول" biletegraph from Panoramio
- «Jabbul Salty Lake" Arkivert 2014-03-27 ved Wayback Machine. biletegraphs from Syria Looks