Sadako Sasaki[a] (7. januar 194325. oktober 1955) var ei japansk skulejente som var to år gamal då atombomba fall over Hiroshima 6. august 1945 i nærleiken av heimen hennar ved Misasabrua i Hiroshima. Sadako er hugsa gjennom historia om dei tusen origami-tranene, som blei eit symbol på uskuldige offer for krig. Ei gamal japansk legende fortel at den som faldar tusen origami-traner, ei for kvart år av det tusen år lange livet til trana, vil få oppfylt eit ønske av ei trane. Sadako rakk å falde 644 traner før ho døydde 12 år gamal, men klassekameratane hennar fullførte prosjektet. I 1958 blei ein statue av Sadako med ei papirtrane avduka i fredsparken i Hiroshima, der tusener av japanarar kvart år legg ned papirtraner. Sadako har både blitt eit av dei mest kjende symbola på offer for atombomba og eit førebilete for særs mange japanske jenter. Historia blei fortalt i boka Sadako og de tusen papirtranene.

Sadako Sasaki

Statsborgarskap Japan
Fødd 7. januar 1943
Hiroshima
Død

25. oktober 1955 (12 år)
Hiroshima Red Cross Hospital & Atomic Bomb Survivors Hospital, Hiroshima

Språk japansk
Sadako Sasaki på Commons

Merknadar endre

  1. Japansk skrift 佐々木 禎子

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Eleanor Coerr (1977): Sadako and the Thousand Paper Cranes. New York: G. P. Putnam's Sons.