Sagene er eit strok på båe sider av Akerselva i Sagene bydel i Oslo. Stroket Sagene, som har gjeve namn til bydelen Sagene, har fått sitt namn etter sagbruka som låg attmed fossane i Akerselva i dette området i si tid.

Nedre Vøyenfossen i Akerselva på Sagene med bygningane til ein nedlagd tekstilfabrikk (spinneri) til venstre, fotografert i 2007.
Foto: John Erling Blad
Dei mange kvinnene som arbeida i tekstilfabrikkane på Sagene er heidra med skulpturgruppa «Fabrikkjentene på Beierbrua» frå 1986 av Ellen Jacobsen, oppsett ved austre enden av Beierbrua over Akerselva. Bygningane til nedlagde Hjula Væverier i bakgrunnen.
Kart over Sagene frå om lag 1900.

Frå midten av 1800-talet vart dei mange store og små fossefalla i Akerselva energikjelda for fleire industriverksemder, mellom anna tekstilfabrikkar, og Sagene vart dominert av fabrikkbygningar og av bustadsområde for industriarbeidarar. På siste halvparten av 1900-talet vart mesteparten av industrien langs Akerselva lagd ned, og fabrikkbygningane anten teke i bruk til andre føremål eller rivne og erstatta av nybygg. Men på Sagene er teke vare på fleire store fabrikkbygningar og innslag av anna gamalt bygningsmiljø, mellom anna bygningane kring tunet på det gamle gardsbruket Vøienvolden gård.

Arbeidermuseet, ei avdeling av Oslo Museum som særleg tek for seg det tidlegare industrimiljøet langsetter Akerselva, ligg på Sagene, i Sagveien på vestsida av Beierbrua over Akerselva. Industriarbeidarmiljøet i denne luten av Oslo er skildra skjønnlitterært av forfattaren Oskar Braaten, som sjølv budde på Sagene. Særleg er han namngjeten for skildringane av livet til dei såkalla fabrikkjentene, dei kvinnene og jentene som hadde sitt arbeid på dei store kvinnearbeidsplassane som tekstilfabrikkane i dette området var i si tid.

Litteratur endre

  • Moland, Tallak. 2011. Historien om Akerselva : gjennom de siste 400 år. Oslo: Christiania forlag. ISBN 978-82-997321-1-6

Bakgrunnsstoff endre