Saint Thomas Parish på Jamaica
Saint Thomas er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg søraust på øya. Det grensar til Saint Andrew i vest og Portland i nord. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.
Saint Thomas | |||
fylke | |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Surrey | ||
Administrasjonssenter | Morant Bay | ||
Areal | 742,8 km² | ||
Folketal | 94 410 (2012[1]) | ||
Saint Thomas Parish 17°54′00″N 76°26′00″W / 17.9°N 76.433333333333°W | |||
Kart som viser Saint Thomas Parish på Jamaica.
| |||
Wikimedia Commons: Saint Thomas Parish, Jamaica |
Administrasjonssenteret i fylket er Morant Bay. 11 km aust for Morant Bay ligg hamnebyen Port Morant, med ei trygg djup hamn.[2] Andre større busetnader er Seaforth, Yallahs, Golden Grove, Cedar Valley, Easington, Trinityville og Bath. Sistnemnde er kjend for sine varme kjelder[2] og ein botanisk hage grunnlagd i 1779.
Det blir særleg dyrka banan, kaffi, kokosnøtt og sukker i fylket.[2]
Blue Mountains ligg ved den nordlege fylkesgrensa.[2]
Historie
endreFylket var åstad for Morant Bay-opprøret i 1865. Ein leiar for opprøret, Paul Bogle, og fylkesrepresentanten i den jamaikanske lovforsamlinga George William Gordon, blei avretta saman med hundretals andre under unntakstilstanden innført av guvernøren. Paul Bogle blei erklært som ein av sju nasjonale heltar på Jamaica i 1969.
Kjelder
endre- ↑ «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 23. september 2018.