Salalah (arabisk صلالة, Ṣalālah) er ein by og regionssenter sør i Oman, i regionen Dhofar. I 2009 hadde Salalah 197 169 innbyggjarar.[1]

Salalah
صلالة
by
Gate i Salalah
Land  Oman
Muhafadha Dhofar
Koordinatar 17°01′11″N 54°05′23″E / 17.01972°N 54.08972°E / 17.01972; 54.08972
Folketal 197 169  (2009)
Tidssone Oman standard time (UTC+4)
Kart
Salalah
17°01′11″N 54°05′23″E / 17.019722222222°N 54.089722222222°E / 17.019722222222; 54.089722222222
Wikimedia Commons: Salalah
Nettstad: www.OMANet.om

Salalah er den nest største byen i Oman og den største byen i Dhofar. Salalah er fødestaden til sultan Qaboos bin Said. Mange folk kjem frå andre stader av Oman og Golfstatane under Khareef-tida, som er frå juli til september.

Klimaet i regionen og monsunen gjer at ein kan dyrke noko grønsaker i området og frukt som kokosnøtt.

Historie endre

Salalah var den tradisjoenlle hovudstaden i Dhofar, som nådde høgast velstande på 1200-talet på grunn av røykjelseshandelen. Seinare vart han mindre viktig og på 1800-talet vart han ein del av sultanatet Muscat. Frå 1932 til 1970 var Salalah hovudstaden i sultanatet Muscat og Oman, under Said bin Taimur. Då Taimur døydde, flytta sonen hans, Qaboos, hovudstaden til Muscat.

Sultanane i Oman har ofte heller budd i Salalah enn i Muscat, som er hovudstad og den største byen i Oman, men den noverande sultanen Qaboos, har snudd denne trenden og har budd i Muscat sidan han tok over trona i 1970. Han vitjar derimot Salalah ganske ofte for å møte lokale leiarar og stammefolk.

I 2011 var det fredlege demonstrasjonar i byen under den arabiske våren, som varte i mange månader. Demonstrantane bad om betre levevilkår, at somme ministrar burde gå av og opprettinga av islamske bankar.

 
Fruktbodar sel lokal frukt .

Bydelar og forstader endre

  • Nye Salalah
  • Aust-Salalah
  • Vest-Salalah
  • Al-Gantra
  • Sør-Auqad
  • Nord-Auqad
  • Al-Haffa
  • Dahariz
  • Al-Saada (nord og sør)
  • Sahlnoot
  • Ittin
  • Raysut
  • Al Wadi
  • Al Chouq
  • Bysentrum
  • Al Mughsayl

Klima endre

Byen har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), men somrane er ikkje like varme som i nord eller i innlandet av Oman. Salalah har ofte skya vêr under monsuntida frå juli til august, men sjølv då kjem det lite nedbør.

Vêrdata for Salalah
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 32,3 33,8 36,7 43,6 42,3 43 32,7 31,3 33 40,1 37,4 34,2 43,6
Gjennomsnittleg maks °C 25,5 26,9 29,9 31,7 32,4 31,8 28,4 27,3 29 30,5 29,8 27,7 29,2
Døgnmiddeltemperatur °C 22,9 23,7 25,5 27,6 29 29 26,4 25,2 26,3 26,3 25,9 23,9 26
Gjennomsnittleg min °C 17,9 19,2 21 23,4 25,6 26,5 24,2 23,1 23,4 21,6 20,4 18,8 22,1
Lågast målte °C 12,6 10,8 14,5 18 20,6 23,5 21,9 20,5 19,1 16,5 15 14,1 10,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 2,2 7 6,3 19,8 17,1 10,6 24,6 24,5 4,1 4,1 9,6 1,1 131
Gns. luftfukt (%) 50 58 62 68 75 80 89 90 81 67 55 50 69
Gns. solskinstimar i månaden 289,6 256,8 297,6 308,3 335,1 199,5 43,9 42,4 188 314,7 304,7 296,8 2 877,4
Kjelde: NOAA (period of record varies, see source) [2]


Økonomi endre

APM Terminals, ein del av A.P. Moller-Maersk Group frå Danmark, driv hamna i Salalah, som er ei av dei største hamnene på Den arabiske halvøya. Hamna ligg sør for byen og er den største private sysselsetjaren i Dhofar. Salalah frisone like ved hamna har dukka opp som eit nytt senter for tungindustri i Midtauasten.

Idrett endre

 
Al-Saada stadion.

Salalah er heimbyen til somme av dei beste fotballaga i Oman. I alt er det fire idrettsklubbar i byen: Salalah Club, Al-Ittihad, Al-Nasr og Dhofar.

Dhofar F.C. vert kalla «Al-Zaeem» eller «Leiarane», fordi dei har ein enorm dominans i omansk fotball. Andre populære idrettar i Dhofar er volleyball og handball. Al-Nasr har òg hatt stor suksess innan fotball, og vunne den omanske ligaen fem gonger, og den nasjonale cupen fire gonger.

Salalah har i dag to stadion, Salalah Sports Complex og Al-Saadah stadion. Sistnemnde vert berre nytta til fotball.

Samferdsle endre

Fly endre

Salalah lufthamn har ruter til Muscat og somme regionale byar i Qatar, Kuwait, U.A.E, Bahrain og Saudi-Arabia. Oman Air, det nasjonale flyselskapet har fem daglege ruter mellom Salalah og Muscat, og to ruter til Dubai i veka. Qatar Airways har fire ruter i veka frå Salalah til Doha. Det finst òg ei rute i veka frå Kochi / Kozhikode (Calicut) & Thiruvananthapuram i India. Under monsuntida er det fleire vekentlege ruter til andre internasjonale destinasjonar, som Sverige.

Kollektivtrafikk endre

Salalah har ikkje eit kollektivtrafikksystem innafor bygrensene. Men det går langdistansebussar dagleg frå Salalah til Haima, Muscat, Nizwa, Al-Buraimi, Dubai, Al-Ain, Al-Ghaydah, Al-Mukalla g Seiyun, i tillegg til PDO-stader som Marmul.

Andre former for transport i Salalah er taxiar.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Salalah