Salamone Rossi

italiensk komponist

Salamone Rossi (kring 1570–kring 1630) var ein italiensk-jødisk fiolinist og komponist i overgangen mellom italiensk seinressanse og barokk. Han er særleg kjend for si rolle i utviklinga av den barokke triosonaten, som ein pioner i bruk av generalbass og som den første kjende komponisten som skreiv polyfon musikk for synagogebruk.

Salamone Rossi
Fødd19. august 1570
FødestadMantova
Død1630 (59 år)
DødsstadMantova
OpphavHertugdømet Mantova
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, fiolinist
Opningssida til Madrigaletti (1628) av Salamone Rossi.

Liv endre

Som ung fekk Rossi omdøme som ein gåverik fiolinist, og i 1587 blei han tilsett som hoffmusikar i Mantova. Her blei han konsertmeister og underheldt hertugfamilien og gjestene deira. Han fekk eit så godt omdøme at han fekk fritak frå å ha på seg det gule merket jødar måtte ha i Mantova på den tida. Syster hans, «Madama Europa», var ein operasongar som også opptredde ved hoffet.

Både Rossi og syster hans forsvann då huset Gonzaga tapte for invaderande austerrikske styrkar, som øydela den jødiske gettoen i Mantova. Etterpå tok ein epidemi livet av fleire innbyggjarar.

Verk endre

Italiensk

Det første utgjevne verket til Rossi kom ut i 1589 og var ei samling av 19 canzonettaer, korte, danseaktige stykker for ein stemmetrio. Han skreiv også meir alvorlege madrigalar med lyrikk frå samtidige store diktarar som Guarini, Marino, Rinaldi og Celiano. I 1600 gav Rossi ut dei første continuo-madrigalane, ei nyskaping som var med på å definera den barokke epoken innan musikk.

Hebraisk

Rossi gav også ut ei samling jødisk liturgisk musikk, השירים אשר לשלמה (Ha-shirim asher li-Shlomo, 'Salomos/Salamones songar') i 1623. Stykka var skrivne i barokkstil og hadde lite til felles med jødisk kantormusikk. Dette var svært nytt innan jødisk musikk, ettersom polyfon musikk hadde vore forbode i synagogar sidan det andre tempelet blei øydelagd. Samlinga braut også med samtidig barokkmusikk gjennom å bruka bibeltekstar på hebraisk i musikken sin.

Instrumental

Salamone Rossi var også nyskapande innan instrumentalmusikk ved å ta i bruk prinsipp frå monodisong, der ein melodi dominerer over andre stemmer. Dei tidlege triosonatane hans bidrog til utviklinga av virtuos fiolinteknikk, og står mellom den instrumentale canzonaen frå seinrenessansen og triosonaten frå seinare barokk.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Salamone Rossi» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Birnbaum, Eduard (1978) Jewish musicians at the court of the Mantuan dukes, 1542-1628, Tel-Aviv : Tel-Aviv University, Faculty of Fine Arts, School of Jewish Studies, 1978, c1975
      • James Haar, Anthony Newcomb, Glenn Watkins, Nigel Fortune, Joseph Kerman, Jerome Roche: "Madrigal", in The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
      • Harran, Don (2003). Salamone Rossi: Jewish Musician in Late Renaissance Mantua. Oxford University Press. 332 pages. ISBN 0-19-816271-5
      • Nettle, Paul and Theodore Baker (1931). "Some Early Jewish Musicians" in The Musical Quarterly, Vol. 17, No. 1. (Jan., 1931), pp. 40–46. ISSN 0027-4631 .
      • Rikko, Fritz (1969). "Salamon Rossi, Hashirim Asher L'shlomo (The Songs of Solomon)" in The Musical Quarterly, Vol. 55, No. 2 (Apr., 1969), pp. 269–275