Salangen kommune

kommune i Troms
(Omdirigert frå Salangen)
For fjorden som kommunen er kalla opp etter, sjå Salangsfjorden

Koordinatar: 68°52′34″N 017°50′30″E

Salangen kommune
kommune
Sjovegan from Hogfjell.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Sjøvegan
Areal 458 km²
 - land 440 km²
 - vatn 18 km²
Folketal 2 226 (2018)
Målform nøytral
Ordførar Sigrun W. Prestbakmo (Sp)
Kommunenr. 5417
NO 5417 Salangen.svg
Wikimedia Commons: Salangen
Nettstad: www.salangen.kommune.no

Salangen kommune (nordsamisk Siellága suohkan) er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i nord mot Dyrøy og Sørreisa kommunar, i aust mot Bardu, i sør mot Lavangen, og over Sagfjorden i vest mot Ibestad. Kommunen høyrde tidlegare til Troms fylke, og ligg i indre Sør-Troms.

Kommunesenteret Sjøvegan ligg inst i Sagfjorden.

KommunevåpenetEndra

Kommunevåpenet viser ein sølvgrå sel på blå botn. Bakgrunnen for kommunevåpnet er namnet til kommunen som på norrønt er Selanger, med tydinga 'Selfjorden'.

Kyrkjer og kapellEndra

Salangen kyrkje ligg i kommunesentret Sjøvegan og vart teken i bruk i 1981. Kyrkja er bygd av betong og tre. Elvenes kapell ligg på Elvenes 11-12 km austom kommunesentret Sjøvegan.

Samferdsle i SalangenEndra

 
Salangen vinterstid.
Foto: Sigmund Pettersen

AvstandarEndra

SnøggbåtEndra

Det er snøggbåtsamband med Brøstadbotn, Engenes og Harstad.

BussEndra

Det er bussamband med Tromsø, Finnsnes, Harstad og Narvik.

KulturEndra

IdrettEndra

Salangen har tre idrettslag, Salangen idrettsforening, Øvre Salangen idrettslag og Seljeskog idrettslag.

HistorieEndra

Salangen kommune vart oppretta i 1871, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart nabokommunen Lavangen kommune innlemma i Salangen kommune, men vart skild ut att i 1977. Området Lavangsnes vart då verande att i Salangen kommune.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Salangen kommune frå 1875:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
1562a 2280a 2717a 2616a 2885a 2813a 2655a 2507 2549 2358 2211
a Talet omfattar ikkje Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Folkemengd i Salangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.