Salhuskvintetten Olkabilamo

Salhuskvintetten OLKABILAMO var ein vokalkvintett frå industristaden Salhus utanfor Bergen. Kvintetten var forma i 1950 av Monrad Holm Johnsen (vokal og mandolin).

Holm Johnsen var opphavleg bergensgut, frå Sandviken som slo seg ned i Salhus på 30-talet og vart aktiv både i mannskor og idrettslag. På slutten av 40-talet laga han i høve ein revy ein oktett av tre kvinner og fem menn – og seinare vart kvintetten oppgradert frå hobby til mest deltidsarbeid. Kvinnene vart ikkje med vidare.

Namnet Salhuskvintetten «Olkabilamo» kjem av namna til medlemmene Ole Mjelde, Karl Sjursen, Birger Martinussen, Lars Kalvik og Monrad Holm Johnsen – der dei to fyrste bokstavane i namnet vart sette saman til delnamnet «Olkabilamo».

Gjennom heile femti-talet opptredde kvintetten lausleg og alltid på den årlege Salhusrevyen. Men i 1962 vart verdi snudd opp ned i og med at dei framførte ein folketone frå Hardanger, «Singel og sand» som Holm Johnsen hadde sett tekst til. Etter at songen vart send på radio byrja folk spørja etter dei fem karane og ryktet nådde jamvel fram til plateselskap Norsk A/S Philips. Rolv Wesenlund som den gongen var innspelingssjef i selskapet tente på tanken og drog til Bergen – og gav karane platekontrakt.

Historia fortel vidare om fem godt vaksne menn som mest over natta vart popstjerner. «Singel og sand» selde meir enn 30 000 eksemplar og låg 27 veker på VG-lista. Suksessen vart fylgd opp med meir enn 20 singlar i løpet av ti år – mellom anna «Gryta hennar mor» og «Da ska' bli andre boller når papen kjem heim». Men «Gryta hennar mor» er nok utan tvil den mest namngjetne av songane deira – og plata selde i meir enn 38 000 eksemplar. Siste opptreden til gruppa var i oktober 1973 i programmet «Husker du?» med Odd Grythe som programleiar. Dei fem medlemmane kjende at dei ikkje lenger var unge og spreke nok til å halda fram med å bruka all fritid på ein rett krevjande hobby. Same året viste talet at gruppa hadde seld 160 000 plater. Men Monrad Holm Johnsen gav ikkje opp musikken av den grunn. Han heldt fram med å skriva musikk for både Ivar Medaas, Stanley Jacobsen og Tre Busserulls saman med tekstforfattar Josef G. Larssen.

Dei stilte sporadisk opp også etter 1973, og siste gongen var i TV-programmet Syng med oss i 1986. Sidan den gongen har tre av medlemmane gått bort. I 1997 døydde Birger Martinussen, året etter, i 1998 Monrad Holm Johnsen og i 2000, Lars Kalvik. I 2000 utgav plateselskapet Tylden ei samleplate med dei beste songane til gruppa.

Utgjevingar endre

Album endre

  • 1968 – Salhuskvintetten (Philips)
  • 1969 – Viser fra vest (Fontana)
  • 1969 – Vi kjem att … (Philips)
  • 1971 – Vestlandsviser (Fontana)
  • 1971 – Viser ved vegkanten (Philips)
  • 1977 – Dei beste frå Salhuskvintetten (Philips) samleplate
  • 2000 – 20 beste (Tylden & Co.) samleplate

Singlar endre

  • 1963 – «Fiskarlåt»/«Den gong eg var ungkar»
  • 1963 – «Jektesamba»/«Heimevernslåten»
  • 1963 – «Alle baller hopper»/«Oppi Fjellveien»
  • 1963 – «Singel og sand»/«Kast loss»
  • 1964 – «Puddefjorden»/«Heimabrygg»
  • 1965 – «Gryta hennar mor»/«Besten sette potna her»
  • 1965 – «Vestlandsk western»/«Ei øy e' ladn me' vatn ikring»
  • 1965 – «For flau te fri»/«Kjetta»
  • 1965 – «Nesten som ny»/«Med hammer og leist»
  • 1965 – «Jens og Jennys Hootenanny»/«Tobakkens velsignelse»
  • 1966 – «Bua hans Salamon»/«Jenta og balderblomen»
  • 1966 – «Pop-Ola»/«Songen frå utkant-Norge»
  • 1967 – «Når papen kjem heim til jul»/«Nordsjøkatedralen»
  • 1968 – «Stina frå Steinestø»/«Syng konemor, syng!»
  • 1968 – «Gunnarsholmen»/«Lukkestev i kvardagsstrev»
  • 1968 – «Kyss meg på mandag»/«Gamle Peders vintervise»
  • 1969 – «Den så leve og har helsa»/«Lutefish'ens lovesong»
  • 1969 – «Besta vår»/«Vestlandssommar»
  • 1970 – «Ved den gamle grinda»/«Ja, da sa bestemora mi»
  • 1970 – «Da kjære gamle utedo»/«Når røsslyngen blømer»
  • 1972 – «Båtbuss-valsen»/«Ror langsmed land»

Kjelder endre