Salisburyøya (russisk Остров Солсбери; Ostrov Solsberi) er ei øy som ligg sentralt i Frans Josefs land i Russland.

Salisburyøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 960 km²
Folketal 0
Kart
Salisburyøya
80°54′10″N 56°14′08″E / 80.902738888889°N 56.235677777778°E / 80.902738888889; 56.235677777778
Wikimedia Commons: Salisbury Island (Russia)
Plasseringa til Salisburyøya i Frans Josefs land.
Salisburyøya

Salisburyøya er relativt stor og lang og har eit areal på 960 km². Det høgaste punktet er 482 meter over havet og nesten heile øya er dekt av is.

Salisburyøya er ein del av undergruppa Zitsjy land i Frans Josefs land. Ho har lite ope hav rundt seg og ligg innklemt mellom Luigiøya og Champøya i sørvest, Zieglerøya i nordaust og Wiener Neustadt-øya i aust.

Øya er kalla opp etter geologen Rollin D. Salisbury (1858-1922) frå University of Chicago. Salisbury var nestkommanderande på Peary-ekspedisjonen.

Salisburyøya må ikkje forvekslast med Salisburyøya i Canada.

Nærliggande øyar endre

  • Elisabethøya (Остров Елизаветы; Ostrov Jelizavety) er ei 5 km oval øy som ligg 7 km nordvest for Salisbury. Ho er isfri og 121 meter over havet på det høgaste. Øya er kalla opp etter erkehertuginne Elisabeth Marie av Austerrike, dotter til kronprins Rudolf av Austerrike, som Rudolføya, den nordlegaste øya i Frans Josefs land nord, er kalla opp etter.

Kjelder endre

80°55′N 56°08′E / 80.917°N 56.133°E / 80.917; 56.133