Salla (fram til 1936 heitte kommunen Kuolajärvi) er ein kommune i landskapet Lappland i det nordausttlege Finland. Kommunen har ei befolkning på i underkant av 5 000 og dekker ei flate på 5 878 km², der 134,85 km² er innsjøar. Kommunen har ein befolkningstettleik på 0,8 person per km².

Salla
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Lappland
Areal 5 872 km²
Grunnlagd 1857
Språk finsk
Kart
Salla
66°49′51″N 28°40′12″E / 66.8309713°N 28.6699331°E / 66.8309713; 28.6699331
Wikimedia Commons: Salla

Historie endre

Salla er gammalt samisk, nærare bestemt kemisamisk område. Det gamle namnet på kommunen er samisk, kuola i Kuolajärvi er samisk for 'fisk' (jf. nordsamisk guolli, finsk kala). Dei første finske nybyggarar busette seg der i 1730-åra.[1] Samane vart gradvis assimilert i løpet av den neste tohundreårsperioden.

I 1839 gjorde ein bondeson eit funn av ein skatt frå vikingtida. Depotfunnet låg i ei korg av bjørkenever gøymt under ein stein på fjellet Aatservainen, ein stad som no ligg i Russland.[2] Funnet inneheldt minst 174 myntar, ulike andre gjenstandar, inkludert ornament, og ei vekt med tolv lodd. Myntane var stort sett frå 1000-talet og funnet er datert til tidlegast 1110.[2] Myntane vitnar om import frå Karelen og Russland, men også frå Skandinavia. Av myntane var 166 tyske (46 % av desse frisiske), sju anglosaksiske, éin eller to sannsynlegvis anglonormanniske. Det er òg mogleg at funnet inneheldt danske myntar frå Magnus den gode og Svein Estridsson si tid. Ein norsk mynt kan òg ha vore ein del av Kuolajärvi-funnet, medan nokon av dei tyske myntane som har vore rekna til det kan ha vore funne andre stader.[2] Funnet kom til universitetsmuseet i Helsingfors i 1841, men vart ikkje halde samla slik at identifiseringa av innhaldet har vore komplisert.[2]

Saman med Kuusamo har Salla eit av største granskogområda i Finland. Dette gjorde staden interessant for trevareindustrien, som på 1890-talet forvandla Salla frå eit samfunn basert på naturalhushald.[1]

I februar 1922 var Salla åstad for «fläskrevolten», då finske raudegardistar tok seg over grensa frå Sovjet-Russland og mobiliserte rundt 600 misnøgde skogarbeidarar i eit mislykka forsøk på opprør.[3]

 
Område Finland måtte overlata til Sovjetunionen etter vinterkrigen

Under vinterkrigen invaderte sovjetiske styrkar Finland mellom anna ved Salla, men vart stoppa av den finske hæren i harde kampar. I fredsavtalen i 1940, og på nytt i 1944, måtte Finland avstå omkring halvparten av kommunearealet til Sovjetunionen.[1] Desse områda blir òg kalla «Gamle Salla» (finsk Vanha Salla). Under framhaldskrigen vart den gamle byen i Salla liggande på sovjetisk side. Men finske og tyske styrkar klarte å ta områda attende. Då krigen slutta, vart dei tyske styrkane pressa ut av Lappland av dei finske styrkane.

Salla ligg ved toglinja Laurila-Kelloselkä-banen, ein godsbane frå Kemijärvi. I 2006 gjorde jernbaneselskapet VR framlegg om å nedlegga linja..॥॥06.[4] Tidlegare heldt jernbanelinja frå Salla fram inn i Russland.

I kommunen finst ein grenseovergang mot Russland, som hadde cirka 160 000 grensepassasjar i 2011.[5] Majoriteten av desse vart gjort av russarar, noko som kom turist- og handelsverksemda i Salla til gode. Rgrenseovergangen vart opna i 2002

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Salla», Uppslagsverket Finland. Lest 31. juli 2018.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Tuukka Talvio: «The coins of the Kuolajärvi (Salla) hoard», Fennoscandia archaeologica, nr. 2, 1985, s. 31–35.
  3. «fläskrevolten», Uppslagsverket Finland. Lest 31. juli 2018.
  4. www.kotimaki.com
  5. New record at Salla[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Salla