Salme

(Omdirigert frå Salmar)

Ein salme (frå gresk psalmos, 'song med strengespel') er ein song med religiøst innhald, hovudsakleg innan kristen og jødisk tradisjon. I daglegtale brukar ein «salme» om eit strofisk dikt med slikt innhald som er meint til felles song.[1] Salmar blir særleg framførte i samband med gudstenester i synagogar, kyrkjer og bedehus.

Salmesong avbilda i Utrecht-psalteret frå 800-talet.

Tekstane kan koma frå Bibelen eller vera skrivne seinare, anten på latin eller på ulike folkespråk.[1]nordiske språk viser «salme» både til bibelske salmar (frå Salmane) og metriske kyrkjelydssalmar. På tysk skil ein mellom å omtala førstnemnde som «Psalm» og sistnemnde som «Lied», tilsvarande engelsk psalm og hymn og fransk psaume og cantique. I faglspråk kan ein skilja mellom psalmodi (song av bibelske salmar) og hymnodi (song av metriske kyrkjelydssalmar).[1]

Den første salmesamlinga ein kjenner til er Salmane, ei bok i Det gamle testamentet med 150 songar. I dag bruker Den norske kyrkja salmar med melodiar i Norsk Salmebok.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Holter, Stig Wernø (30. oktober 2019). «salme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Kategori:SalmerWikikilden (frie originaltekstar)
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.