Saltgruva i Wieliczka

Saltgruva i Wieliczka (polsk Kopalnia soli Wieliczka) ligg under byen Wieliczka i det sørlege Polen. Ho har vore i drift sidan 1200-talet og er ei av verdas eldste saltgruver i kontinuerleg drift.

Saltgruva i Wieliczka
gruve
Heile Kingakapellet i saltgruva er hogd ut or salt.
Land  Polen
Del av Wieliczka and Bochnia Royal Salt Mines
Kart
Saltgruva i Wieliczka
49°58′59″N 20°03′20″E / 49.983053°N 20.055655°E / 49.983053; 20.055655
Wikimedia Commons: Wieliczka salt mine

Soge endre

Gjennom meir enn sju hundre år har gruvearbeidarar hogd ut 2 040 underjordiske kammer i saltgruva. Gruva er delt i ni nivå, som strekker seg heilt til 327 meter under bakkenivå. Kubaturen til dette underjordiske landskapet er på omtrent 7,5 millionar kubikkmeter. Den samla lengda av gangar er over 300 kilometer, to kilometer er opne for turistar. Gruva har ein lang tradisjon med turisme. Årleg besøker om lag 1,2 millionar menneske gruva.

I 1978 vart saltgruva i Wieliczka eitt av dei tolv fyrste objekta som vart valde til å stå på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Saltgruva i Wieliczka