Samisk høgskole
Samisk høgskole (SH, nordsamisk Sámi allaskuvla) vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av dei statlege høgskolane i Noreg. I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole, og dei vart samlokaliserte i juli 2009 då det samiske vitskapsbygget, Diehtosiida, stod ferdig.
Samisk høgskole Sámi allaskuvla Sámi University of Applied Sciences | |
![]() Samisk høgskole i 2013. | |
![]() | |
Grunnlagt | 1989 |
---|---|
Type | Statleg høgskole |
Rektor | Láilá Susanne Vars |
Stad | Kautokeino |
Studentar | 260 |
Tilsette | 104 |
Nettstad | www.samas.no |
Samisk høgskole vart etablert for å gje ein større del av den samiske ungdommen høgare utdanning.[1] Samisk høgskole er ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som skal dekke det samiske samfunnet sine behov. Skolen sitt hovudspråk er samisk både i undervisinga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking dannar høgskolens særeigne faglege profil og høgskolen har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv med m.a. studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland.
Samisk høgskole har til saman ca. 40 studietilbod, men høgskolen gir ikkje alle tilboda samstundes. Kvart år gir ein 17-20 ulike studietilbod, fordelt på ulike program:
- Bachelorprogram
- duodji og design
- reindriftsstudium
- samisk språk og litteratur
- urfolksjournalistikk
- samisk barnehagelærarutdanning
- Mastergradsprogram
- duodji
- samisk grunnskolelærarutdanning trinn 1.-7. (5-årig)
- samisk grunnskolelærarutdanning trinn 5.-10. (5-årig)
- samisk språk og litteratur
- samisk journalistikk med urfolksperspektiv
- Doktorgradsprogram
- samisk språk og litteratur
Studentsamskipnaden i Indre Finnmark er studentane sin organisasjon.
RektorarEndra
- 1989-1996 Jan Henry Keskitalo
- 1996-2000 Asta Balto
- 2000-2003 Kjell Kemi
- 2003-2007 Mai Britt Utsi
- 2007-2011 Steinar Pedersen
- 2011-2015 Jelena Porsanger
- 2015-2019 Gunvor Guttorm
- 2019- Láilá Susanne Vars[2]
KjelderEndra
- ↑ Pulk, Åse (2. november 2009), «– Egen samisk høgskole en seier», NRK (på norsk bokmål), henta 7. september 2019
- ↑ Larsen, Hege (11. april 2019), «Vars valgt til rektor på Samisk høgskole», khrono.no (på norsk), henta 20. august 2019