Samisk språkforsking i Finland

Samisk språkforsking i Finland skil seg frå mange måtar på den samiske språkforskinga i dei andre nordiske landa.

1800-talet endre

Ei eiga samisk språkforsking starta i Finland først etter at Finland ikkje lenger var del av Sverige, og då som ein del av den nasjonale mobiliseringa for ein sjølvstendig finsk kultur og språk. Den første professoren i finsk i Finland var fennougristen Matias Alexander Castrén, vart utnemnd i 1851. Castrén var framfor alt kjend som ein pioner når det galdt lingvistisk feltarbeid, og den første forskingsreisa si gjorde han til samisk område.

Det første professoratet i fennougristikk vart oppretta i 1892, det fekk Arvid Genetz (1848-1915), også han hadde forska på samisk. Han samla i 1876 eit større kolasamisk materiale, som han brukte som grunnlag til ordboka Kuollan Lapin murteiden sanakirja ynnä kielennäytteitä i 1891. I samtida vart denne ordboka kritisert for å vere ahistorisk, i og med at ho som oppslagsformer sette opp teoretiske, ikkje belagte og ikkje historisk rekonstruerte fellesformer. Seinare generasjonar har lese inn i Genetz sine abstrakte former ein tidleg representant for fonologisk teori. I artikkelen Ensi tavun vokaalit suomen, lapin ja mordvan kaksi- ja useampitavuisissa sanoissa (1896), viste Genetz at utviklinga av vokalismen i første stavinga i samisk var avhengig av vokalen i andre staving.

Det som deretter skjedde er eit døme på irrasjonell forskingshistorisk utvikling, som henta rett ut av den faghistoriske læreboka. Genetz sine yngre kollegaer K. B. Wiklund og E. N. Setälä forkasta denne teorien, og framstilte Genetz som gammaldags, og representant for den gamle (komparative) skolen, der dei sjølv stod for det moderne, junggrammatikken. Utan eigentleg å gå imot argumenta hans vann dei den vitskaplege diskusjonen, og særleg Setälä si forståing av det samiske og finskugriske vokalsystemet kom til å dominere dei neste 40 åra. Først i 1939 rehabiliterte Erkki Itkonen Genetz (Itkonen 1939, Korhonen 1985:116ff), og kunne vise at Genetz hadde hatt rett heile tida.

E.N. Setälä og den junggrammatiske perioden endre

Med E. N. Setälä sin stadievekslingsteori fekk samisk ein sentral posisjon i finsk og finskugrisk språkvitskap. Etter Setälä gjekk stadievekslinga attende til det uralske urspråket, og det var bevart i ytterpunkta av språkområdet, i samisk, austersjøfinsk og nganasansk. Seinare har denne teorien vorte forkasta. Setälä innførte junggrammatikken i finsk språkvitskap. Ikkje i noko nordisk land skulle junggrammatikken få så sterk og langvarig innverknad som i Finland, det var først på slutten av 1960-talet at det vart mogleg å ta opp noko språkvitskapleg spørsmål med noko anna enn ein historisk innfallsvinkel.

T. I. Itkonen skreiv doktorgradsavhandling om stadievekslinga i austsamisk basert på Setälä sine teoriar (Venäjänlapin konsonanttien astevaihtelu Koltan, Kildinin ja Turjan murteiden mukaan (1916)), avhandlinga hans har dermed ikkje vorte ståande. Det har derimot det filologiske og leksikalske arbeidet, tekstsamlinga Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja (1931) og den monumentale ordboka Koltan- ja kuolanlapin sanakirja. Ein annan sentral leksikograf var Eliel Lagercrantz (1894-1973), også han disputerte på eit lydhistorisk emne (Strukturtypen und Gestaltwechsel im Lappischen (1927), men sitert i dag er tobandsverket Lappischer Wörtschatz, ei ordbok som tar mål av seg til å dekke alle dei samiske språka, men (ein litt vel) detaljert fonetisk transkripsjon. Lagercrantz publiserte også tekstsamlingar over sjøsamiske dialektar som seinare er utdøydd.

Den mest produktive lappologen gjennom alle tider er Erkki Itkonen, også han lydhistorisk orientert, framforalt med arbeid om vokalhistorie i samisk, og i det heile i dei vestlege uralske språkgreinene. Doktoravhandlinga hans Der Ostlappische Vokalismus vom qualitativen Standpunkt aus mit besonderer Berücksichtigung des Inari- und Skoltlappischen (1939), dei siste tiåra arbeidde han i lag med fleire medarbeidarar på Inarilappisches Wörterbuch (1986-1991). Han gav ut Lappische Chrestomathie mit grammatikalischem Abriss und Wörterverzeichnis (1960), basert på Konrad Nielsen sin ortografi, grammatiske skisser og etymologisk gjennomgang av ordforrådet i tekstsamlinga.

Overgangstid endre

Mikko Korhonen (1936-1991) var den første fennougristen og lappologen som til dels innførte meir pluralistiske forskingsmetodar. Artikkelen hans frå 1968, Morphological method in Lappish, var ei typologisk studie av morfologiske prosessar i samisk, utan det vanlege fokuset på historisk rekonstruksjon. Doktoravhandlinga hans, Die Konjugation im Lappischen I (1967) og II (1974) er ei både historisk og komparativ studie av den finitte og infinitte verbbøyinga i alle dei ulike samiske språka. Korhonen var likevel ein del av den finskugriske tradisjonen, og publiserte mest språkhistoriske emne, læreboka hans frå 1981, Johdatus lapin kielen historiaan («Innføringa i det samiske språkets historie») er framleis standardverket i samisk språkhistorie.

Korhonen dreiv også med praktisk språkarbeid, og kom t.d. med eit framlegg til ein fonematisk fundert ortografi for skoltesamisk, eit framlegg som låg til grunn for det som seinare skulle bli eit skoltesamisk skriftspråk.

Ein annan representant for etterkrigsgenerasjonen er Raija Bartens (f. 1933), som var professor i fennougristikk i 1980-1997. Sjølv om også ho hadde utdanninga si i eit junggrammatisk paradigme spesialiserte ho seg på noko så lite junggrammatisk som syntaks, doktoravhandlinga var eit relativt teorinøytralt verk om samisk kasussyntaks, Inarinlapin, merilapin ja luulajanlapin kaasussyntaksi (1972).

Tida etter Chomsky endre

For dei yngre forskarane har junggrammatikken ikkje vore den einaste moglege innfallsvinkelen, det er tydeleg at dei i studietida også har fått impulsar frå internasjonal lingvistikk, framforalt frå den chomskyanske standardteorien.

Den sentrale mastifestasjonen av dette generasjonsskiftet er Pekka Sammallahti (f. 1947) si doktoravhandling frå 1977, Norjansaamen Itä-Enontekiön murteen äänneoppi («Lydlæra til den austlege Enontekiödialekta av nordsamisk»). Trass i det svært så tradisjonelle namnet er denne avhandlinga skrive innanfor rammeverket til Chomsky og Halles Sound Pattern of English, eller til klassisk generativistisk fonologi. Seinare har Sammallahti levert sentrale bidrag til uralsk lydhistorie («Uralic lanuguage history», i D. Sinor (red.) The Uralic languages frå 1988), han har skrive ei handbok i samisk språkforsking (Introduction to the Saami languages (1998, verd å merke seg i ein disiplin der bortimot heile den sentrale litteraturen er skrive på skandinavisk, finsk og tysk, omtrent like mykje på kvart språk)). Det viktigaste bidraget hans kjem til å bli dei samiske ordbøkene, Sammallahti har skrive eller vore medredaktør av dei sentrale ordbøkene mellom nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk på den eine sida og finsk på den andre. Påverknaden er i røynda større, i og med at dei store ordbøkene mellom norsk og nordsamisk er omsetjingar av Sammallahti si nordsamisk-finske ordbok.

Institusjonshistorie endre

Mesteparten av samisk språkforsking i Finland har dreidd seg om Universitetet i Helsingfors. Her har samisk vore ein del av fennougristikken, og først i 1993 vart samisk språk-, kultur- og litteraturstudium samla under ein paraply, «den samiska studiehelheten». Dette er ein relativt laus paraply, og verksemda på dei ulike institutta som er med held fram meir eller mindre som før. Sidan 1985 har Universitetet hatt eit lektorat i samisk, halde av ein same med samisk som morsmål, Irja Seurujärvi-Kari. Dermed har universitetet vore i stand til å arrangert samiskundervisning med ein lærar med samisk som morsmål.

Dei andre universiteta i Sør-Finland kan ha undervist i samisk som del av undervisningstilbodet i finsk, men ut over Helsingfors var det først med Universitetet i Uleåborg, og seinare med Lapplands Universitet i Rovaniemi at vi har fått ei samisk språkforsking utanfor hovudstaden. Dei nye institusjonane har også ein heilt annan profil enn Helsingfors.

I Uleåborg har det sidan 1973 vore mogleg å studere samisk, Pekka Sammallahti har vore professor i samisk der sidan 1982. I 2000 vart all samisk forsking i Uleåborg samla inn under ein paraply, Giellagas-instituttet.

Ein annan, yngre forskar som også har arbeidd utanfor det junggrammatiske paradigmet er Juhani Lehtiranta, som doktorerte på ein grammatisk studie av pitesamisk, Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet (1992). Også for han var den junggrammatiske tradisjonen sterk, i 1989 publiserte han ei komparativ ordbok over samiske ord med ursamisk etymologi og moderne form i alle samiske språk slik dei er dokumentert i dei ulik eialektologiske ordbøkene, Yhteissaamelainen sanasto (1989).

Lapplands universitet grunnla eit lektorat i samisk i 1990. Lektor var dei første tiåra Leif Rantala. Rantala arbeidde framfor alt med språksosiologiske emne, m.a. med publikasjonar som The Russian Sami Today (1995) og Samerna på Kolahalvön (Suomalais-ugrilaisen seuran julkaisuna (1994)).

Andre forskingsemne endre

Tuomas Magga disputerte på Duration in the Quantity of Bisyllabics in the Guovdageaidnu Dialect of North Lappish, ei avhandling som best kan karakteriserast som fonetisk.

Marjut Aikio disputerte i 1988 på avhandlinga Saamelaiset kielenvaihdon kierteessä. Kielisosiologinen tutkimus viiden saamelaiskylän kielenvaihdosta 1910-1980, ei studie som for kvar informant går gjennom kva språk han eller ho snakka med kven i landsbyen, i perioden 1910-1980.

Det ser ut til at historisk språkforsking skal få sin renessanse med yngre forskarar, Ante Aikio og Marja-Liisa Olthuis har for nord- og enaresamisk tatt opp historiske emne i arbeidet sitt. Etter at den finske etymologiske ordboka Suomen sanojen alkuperä vart gjeven ut tok redaksjonen til å arbeide med ei samisk etymologisk ordbok, dette arbeidet er no i gang på Forskingscentralen för de inhemska språken.

Sjå også endre

Faghistorisk litteratur endre

  • Hovdhaugen, Even et al. 2000: The History of linguistics in the Nordic countries. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica
  • Korhonen, Mikko 1986: Finno-ugrian language studies in Finland 1828-1918. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica.
  • Stipa, Günter Johannes und Ruppel, Klaas Ph. 1990: Finnisch-ugrische Sprachforschung: von der Renaissance bis zum Neupositivismus. Suomalais-ugrilaisen Seuran Toimituksia 206.