Opna hovudmenyen
Tittelbladet til avhandlinga frå 1770 av János Sajnovics som viser at samisk er i slekt med ungarsk, Demonstratio idioma ungarorum et lapponum idem esse.

Samisk språkhistorie er historia til dei samiske språka, frå tida då det finsk-samiske urspråket vart splitta i eit nordleg samisk og eit sørleg austersjøfinsk urspråk, for omtrent 2000 år sidan.

Dei første samiske tekstane er sørsamiske, ei ABC-bok og ei messebok frå 1619. Dei samiske språka har endra seg relativt lite sidan dette, og vi reknar at moderne samisk tar til då. Språkhistoria fram til då baserer seg på metodar frå samanliknande språkforsking, og har som mål å rekonstruere urspråket samisk delte med dei austersjøfinske språka og utviklinga via ursamisk til dei samiske språka vi har i dag.

Det finsk-samiske urspråketEndra

Det finsk-samiske urspråket vart snakka i den vestlege delen av det uralske språkområdet før uralarane kom i kontakt med baltiske og germanske jordbrukarar. Språket var i nær slekt med fleire språk i aust, merja, muroma som no er utdøydd, men som vi kjenner frå samtidige russiske kjelder, og dei mordvinske språka.

Frå det felles finsk-samiske urspråket til ursamiskEndra

Sjå også Samisk lydhistorie
 
Sørgrensa for det samiske språkområdet i Finland, etter T.I. Itkonen 1947

Ved byrjinga av tidsrekninga vår fekk den sørlege delen av det finsk-samiske urspråket kontakt med germanarar og baltarar. Dette går fram av ei rekkje lånord i uraustersjøfinsk som ikkje finst i samisk, kombinert med at dei to språka tar til å utvikle seg i ulike retningar. Som resultat av denne påverknaden migrerte talarar av ursamisk nordover, og kom i kontakt med talarar av eitt eller fleire språk som ikkje var i slekt med samisk. Spora atter desse språka er synlege i det samiske ordforrådet den dag i dag[1].

Dei samiske språka gjekk gjennom ei lang rekke både lydovergangar og grammatiske endringar i perioden frå ca. år 0 til år 1500[2]. Det har vore færrest endringar i utkantane av språkområdet. I dei austsamiske språka er det fleire konsonantgrupper som har forsvunne i vestleg samisk, og i sørsamisk er bøyingsendingane betre bevart enn i dei andre språka. Sørsamisk har heller ikkje gått gjennom den grunnleggjande lydendringa stadieveksling, som er karakteristisk både for samiske språk lenger nord og aust, og for austersjøfinsk (unnateke det sørlege livisk, som også er meir konservativ på dette punktet).

Tidfestinga av oppsplittinga av det felles finsk-samiske urspråket i  uraustersjøfinsk og ursamisk til for 2000 år sidan er ei nyare oppfatning, argumentert for framforalt av Ante Aikio, Petri Kallio og Mikko Heikkilä, basert både på eiga forsking og på grunnarbeid utført av Jorma Koivulehto[3]. Det tradisjonelle synet finn vi hos Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti.[4] Dei tidfestar det samisk-finske urspråket (varhaiskantasuomi) til 1500-1000 f.Kr. og det samiske urspråket (kantasaame) til perioden 1000 f.Kr.-700 e.Kr. Sammallahti si periodisering er enno breiare, han sett den ursamiske perioden f.o.m. 1500 f.Kr. [5]. Korhonen sitt argument for denne tidfestinga er likevel arkeologisk og ikkje språkvitskapleg, med unntak av slutten av ursamisk tid, som han tidfestar til slutten av den urnordiske perioden. Det første arbeidet over samisk-germanske kontaktar var av Just Qvigstad, som konkluderte med at dei språklege låna berre gjekk attende til vikingetida[6]. Forskinga har med andre ord på den eine sida funne eldre og eldre germanske, baltiske og indoiranske lånord i samisk, og på den andre sida flytta oppsplittinga av det finsk-samiske urspråket framover i tid.

UrsamiskEndra

For meir om dette emnet, sjå Ursamisk.
 
Kukkasjärvi aust for Tammerfors. Namnet kjem av eit samisk namn som betyr Langsjøen (jf. nords. guhkes, 'lang'), og viser at samisk tidlegare var utbreidd i dette området.

Ursamisk, eller det samiske urspråket er det urspråket som alle samiske språk stammar frå. Dette språket vart sannsynlegvis snakka i det sørlege og sørvestlege Finland og Karelen i tida rundt byrjinga av tidsrekninga vår. Området har gått så langt sør som til sør for Lahti og Tammerfors sør i Finland[7]. T.I. Itkonen vurderer at sørgrensa for det samiske språkområdet gjekk sør for Tammerfors så seint som på 1200-talet, og at ho deretter har vorte flytt jamnt nordover i takt med den finske ekspansjonen nordover. Det som har skjedd har vore at finske jordbrukarar har flytta nordover, og at samane har vorte assimilert etter kvart som dei meir talrike jordbrukarane har flytta inn[8]

Eit prov på det har vi frå stadnamnsforskinga. Fleire sjøar i Sør-Finland heiter Kukkasjärvi, der førsteleddet minnar om ordet kukka, 'blome'. Men alle sjøane som heiter dette er langstrekte i forma, og namnet går attende til det samiske ordet for 'lang' (jf. nordsamisk guhkes 'lang').[9] Store delar av det samiske språkområdet vil vi neppe få meir kunnskap om, unnteken eventuell informasjon frå forsking på hydronym, stadnamn og liknande.

Oppsplittinga av ursamiskEndra

På bakgrunn av dei samiske språka vi veit noko om, vart språkfamilien først delt i to, i vestsamisk (dvs. nordsamisk og vestover) og austsamisk (enaresamisk og austover, inkludert kemisamisk, som også var eit austsamisk språk).

Sentrale språkdrag som skil dei to gruppene frå kvarandre er:

  • utviklinga av ursamisk š́ (palatal š) i lydsambanda š́t, š́k og š́n. Desse vart bevart i aust, mens š́ i desse konsonantsambanda gjekk over til jh i vest: for "foss, stryk" har vi goejhke i sørsamisk og guoika (bokstaven i blir uttalt j etter vokal) i nordsamisk, men kuoškâ i enaresamisk og кӯшшк (kuušk) i kildinsamisk[10].
  • dissimilasjonen av mm, nn, ńń, ŋŋ, som i vest vart endra til pm, tn, tń, kŋ, t.d. nords. bátni "tann", enares. pääni.
  • Kvalitativ stadieveksling av frikativar i aust, jf. nordsamisk bassat : basan skoltesamisk põõssâd : põõzzam "å vaske : eg vaskar". Vekslinga i aust er kvalitativ, frå ustemt til stemt (ss:zz), men i vest kvantitativ (ss:s)[11]

Den vestlege gruppa kan vi dele i to, nordlege (lulesamisk og nordsamisk), og sørleg (umesamisk og sørsamisk). Den sørlege gruppa er konservativ, og skil seg på mange måtar frå alle dei andre samiske språka, noko som har fått nokre språkhistorikarar til å gjere framlegg om at dei to sørsamiske språka har forgreina seg frå ursamisk først, og kanskje allereie frå tida då samisk vart snakka i sør-Finland. Slike språktrekk er m.a.:

Til tidfestinga av oppsplittinga av dei samiske språka kan vi bruke lånord: Eit urgermansk lånord som nords. skálžu vs. skoltesamisk kāllǯ (frå urnordisk *skaljō. Sluttvokalen viser at lånet er frå før synkopetida (700-talet), og skilnaden k- i aust vs. sk- i vest viser at dei ursamisk må ha vorte delt opp i ulike språk allereie tidlegare[13].

Moderne samiskEndra

 
Tittelblad for den førsta trykte boka på samisk, «ABC Book på Lappesko Tungomål». Boka er frå Sverige (1619).

Samisk vart skriftfasta i 1619, som det fjerde av dei uralske språka, etter ungarsk, komi, finsk og estisk. Dei samiske språka har endra seg relativt lite etter dei første samiske publikasjonane, og derfor kallar ein dei samiske språka frå 1619 og framover for moderne samisk[14]. Dei første tekstane var religiøse tekstar på umesamisk, gjeve ut i Sverige.

I Noreg kom dei første tekstane i form av Knud Leem sine ordbøker (1768) og grammatikk (1748) for nordsamisk. Språkforskaren Rasmus Rask reviderte Leem si rettskriving i 1832, og det er Rask sin måte å skrive på som har danna grunnlaget for dei seinare nordsamiske rettskrivingane, og til ein viss grad også for enare- og skoltesamisk. Ut over 1800-talet vart nordsamisk teken i bruk i konfirmasjonsundervisning og skoleverk med J.A. Friis si rettskriving, ei utvikling som kulminerte med utgjevinga av den nordsamiske bibelen i 1896. Tidsskriftet Nuorttanaste, som kom ut frå 1898 og i over 100 år brukte rettskriving-normen frå 1896-utgåva av Bibelen.

I 1948 fekk nordsamisk for første gang ein ortografi som vart godkjend i to land, med Bergsland og Ruong sin ortografi for Noreg og Sverige[15]. På grunn av den harde fornorskingspolitikken i perioden vart ortografien relativt lite brukt. Med gjennomføringa av ein ny samepolitikk spesielt i Noreg frå 1980-talet av vart den felles nordsamiske ortografien for Noreg, Sverige og Finland frå 1979[16] langt meir brukt.

Etter Alta-aksjonen og opprettinga av Sametinget fekk samisk offisiell status i fleire kommunar i dei samiske områda, jamfør oversynet over samiske kommunar.

ReferansarEndra

  1. Den mest systematiske framstillinga av det før-samiske substratet er Aikio 2004.
  2. Ei kompakt og systematisk framstilling av desse lydovergangane er Korhonen 1988, ein annan er Sammallahti 1998.
  3. For ei samla framstilling, sjå Koivulehto 1999, eit tidleg arbeid er Koivulehto 1976.
  4. Jf. Korhonen 1981:27, 28ff, 47 og Sammallahti 1989, 1. kapittel.
  5. Sammallahti 1989 s. 122
  6. Jf. Qvigstad 1893 s. 73: Ich glaube, dass man die nordischen Lehnwörter im Lappischen nicht auf eine ältere Sprachperiode als diejenige der Vikingerzeit zurückführen darf.
  7. jf. Aikio, Saarikivi.
  8. For ei framstilling, sjå T.I. Itkonen 1948.
  9. For ei drøfting av desse og andre samiske stadnamn i Sør-Finland, sjå Aikio
  10. Jf. Sammallahti 1998 kap. 1.
  11. Jf. Korhonen 1981 s. 18).
  12. Jf. Häkkinen 2010 s. 9-10
  13. Jf. Aikio 2004 s. 25ff.
  14. Jf. t.d. Korhonen 1988 s. 267: "Modern Lapp is reckoned from the date of the first Lapp text, 1619."
  15. Ruong, Israel og Knut Bergsland 1947: Rettskrivning for det fellessamiske bokspråket. 1947. Oslo: Stensiltrykk.
  16. Magga, Ole Henrik 1994: Hvordan den nyeste nordsamiske rettskrivingen ble til. Festskrift til Ørnulv Vorren. Tromsø : Tromsø museum, Universitetet i Tromsø.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Solbakk, Aage 2019: Sámegiella áiggiid čađa. Čálliid lágadus.

BibliografiEndra