Samiske kommunar er kommunar i Noreg, Finland, Sverige og Russland der eitt eller fleire samiske språk har ein offisiell status.

Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar der samisk er eit offisielt språk. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros, Røyrvik og Tjeldsund på dette kartet.

Desse kommunane er:

Finland endre

Sverige endre

 
Kart over alle kommunar i Noreg, Sverige og Finland som høyrer til under det samiske forvaltningsområdet i desse tre landa. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros og Tjeldsund på dette kartet.

I det opphavlege samiske forvaltingsområdet var det fire kommunar, Arjeplog, Jokkmokk, Gällivare og Kiruna. Sidan har det vore fire utvidingar av forvaltingsområdet, hhv. i 2010, 2012, 2018 og 2019. Med den siste utvidinga 1. februar 2019[1] utgjer forvaltingsområdet for dei samiske språka no 25 kommunar.[2][3] Lova presiserer ikkje kva samisk(e) språk som er offisielt språk innanfor kvar kommune.

Frå 1. januar 2024 vil òg Skellefteå inngå i det samiske språkforvaltingsområdet i Sverige[4], som kommune nr. 26.

Noreg endre

I det opphavlege forvaltningsområdet for samisk språk frå 1.1.1992 var det berre seks kommunar, alle frå nordsamisk område, fem i Finnmark og éin (Kåfjord) i Troms.[5] I dag består forvaltningsområdet av følgjande 13 kommunar,[6] og alle dei tre ulike samiske språka som blir bruka i Noreg er representerte:

Potensiell ny samisk kommune endre

  • Bodø vedtok i bystyret 9.12.2021 å søka innlemming i forvaltningsområdet for samisk språk.[12] Det er uklart om søknaden er sendt, og ev. når det vil verta gjort vedtak om innlemming av Kongen i Statsråd.[13] Det litt spesielle med Bodø sin situasjon er at kommunen strekkjer seg over to samiske språkområde, lulesamisk og pitesamisk, og kommunen ønskjer derfor å søkja innlemming for begge språka. Bodø vil i så fall verta den fyrste samiske kommunen med to offisielle samiske språk, den andre lulesamiske kommunen (etter Hamarøy), og den aller fyrste pitesamiske kommunen.

Tidlegare samisk kommune endre

  • Tysfjord (lulesamisk, frå 1.1.2006 til 31.12.2019) er frå 2020 delt i to, og inngår i dag i høvesvis nye Hamarøy og Narvik kommunar. Nye Hamarøy kommune vart med dette innlemma i språkforvaltningsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.

Russland endre

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. «Idag blir huvudstaden samisk förvaltningskommun» (på svensk). 1. februar 2019. Henta 18. november 2023. 
  2. «Förvaltningsområdena växer stadigt» (på svensk). 9. november 2023. Henta 18. november 2023. 
  3. «Lag (2009:724) om nationella minoriteter och minoritetsspråk» (på svensk). 1. mars 2022. Henta 18. november 2023. 
  4. «Skellefteå kommun blir samiskt förvaltningsområde» (på svensk). 16. november 2023. Henta 18. november 2023. 
  5. I lovframlegget frå 21.12.1990 var berre dei 5 Finnmarkskommunane med, men Stortinget la til Kåfjord i vedtaket om opprettinga av forvaltingsområdet, som vart gjort gjeldande frå 1.1.1992.
  6. Lovdata
  7. Lovdata
  8. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  9. Digitaliseringsdirektoratet
  10. moderniseringsdepartementet, Kommunal-og (15. mai 2018), «Røros inn i forvaltningsområdet for samisk språk», Regjeringen.no (på norsk), henta 27. august 2020 
  11. «Forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk - Lovdata», lovdata.no, henta 27. august 2020 
  12. Nergård, Naima Khan (9. desember 2021). «Første by i Norge likestiller samisk og norsk». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. mars 2022. 
  13. «Regjeringa si temaside om forvaltningsområdet for samisk språk» (på norsk bokmål). 29. april 2022. Henta 14. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

Noreg endre

Sverige endre