Samlingspartiet i Finland

Samlingspartiet (finsk Kansallinen Kokoomus, Kok., svensk Nationella Samlingspartiet, Saml.) er eit liberalkonservativt politisk parti i Finland. Samlingspartiet er eitt av dei tre store partia som dominerte Den finske riksdagen i fleire tiår; dei andre to er SDP og Centern. Samlingspartiet er òg representert i Europaparlamentet, og er sterke tilhengarar av det finske EU-medlemskapet. Samlingspartiet gjekk òg i mange år inn for finsk medlemskap i NATO.

Samlingspartiet i Finland

LandFinland
Partileiar(ar)Petteri Orpo
Grunnlagt9. desember 1918
Medlemstal34 000 (2016)[1]
Ideologiliberalkonservatisme, proeuropeisk Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre
Fargecyan

Samlingspartiet vart danna ved avslutninga av den finske borgerkrigen i 1918, då monarkister frå Gammelfinska partiet og Ungfinska partiet fann saman. Republikanarane danna på si side Framstegspartiet. Da Finland vart ein parlamentarisk republikk, gjekk Samlingspartiet inn for ei sterk regjeringsmakt. Samlingspartiet stilte også på et sosialt reformprogram. Frå og med 1950-åra har Samlingspartiet gått i ei meir liberal retning med vekt på personleg fridom og open marknadsøkonomi. Under den kalde krigen såg partiet på seg sjølv som eit bolverk mot sovjetkommunistisk innverknad i Finland.

Petteri Orpo var partileiar frå 2016. Tidlegare partileiar Sauli Niinistö har vore president i Finland sidan 2012.

Politisk plattform

endre

Samlingspartiet framhevar utdanning, toleranse, belønning og omsorg, og er positive til multikulturalisme.[2][2][3]

Partiets idéutvikling har kombinert konservatisme, liberalisme og sosial reformvilje.[4] I dag blir partiet omtalt helst som liberalkonservativt. Alexander Stubb har likevel hevda at politikken til partiet har vore «klart liberal» under Jyrki Katainens leiing. I 2010 gjekk landsmøtet til partiet inn for ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving.[5]

Utanrikspolitisk er Samlingspartiet positive til europeisk integrasjon, og ønskjer å bygga ein «økonomisk og politisk sterkare europeisk union» og «eit EU som er meir effektivt og ein meir fremtreden aktør i verdspolitikken.» Partiet var òg i mange år for at Finland skulle søka medlemskap i NATO.[2]

Historie

endre
 
Valplakat frå 1948: «Ver fri, stem Samlingspartiet»
 
Valplakat frå 1964: «Ei trygg framtid: Samlingspartiet»

Partiet vart stifta som Nationella samlingspartiet (Kansallinen Kokoomuspuolue) den 9. desember 1918 etter den finske borgarkrigen av monarkistar i Finska partiet (Gammalfinska partiet), Ungfinska partiet og Folkpartiet. Republikanarar frå desse tre tidlegare partia starta som ein motvekt Framstegspartiet. Skipingsmøtet erklærte at «det trengst ei nasjonal samling på tvers av gamle partiskilje som har mista meining og altfor lenge splitta likesinna borgarar. Hovudoppgåva på denne samlinga må vera å arbeida for å styrka dei samfunnsberande kreftene i nasjonen vår. Løyve og rett må handhevast strengt, og revolusjonære krefter må møtast kompromisslaust. Men samtidig må konstruktivt reformarbeid fremmast.» Partiet ønskte å oppnå dette gjennom konstitusjonelt monarki og seinare gjennom ei sterk statsmakt innanfor rammene av ein republikk. Partiet gjekk òg inn for ei rekke sosiale og økonomiske reformer, slik som obligatorisk grunnskule, skattefinansiert helsevesen, progressiv inntektsskatt og eigedomsskatt.

I slutten av 1920- og tidleg i 1930-åra gjekk ytre høgre fram i finsk politikk, dei var misnøgde med at regjeringa ikkje var høgreorientert nok. Samlingspartiets første president, Pehr Evind Svinhufvud spelte ei nøkkelrolle i å demma opp for Lapporørsla, som var det organisatoriske forma høgreopprøret tok. Likevel gjekk Samlingspartiet i valforbund med Fosterländska folkrörelsen ved vala i 1933, noko som førte til eit valnederlag for Samlingspartiet. Juho Kusti Paasikivi sørgde for at partiet braut med Fosterländska folkrörelsen. Samlingspartiet vart likevel halde utanfor regjeringa fram til utbrotet av vinterkrigen. Under vinterkrigen og framhaldskrigen sat partiet i ulike samlingsregjeringar. Etter krigen freista Samlingspartiet å framstilla seg sjølv som forsvararar av demokratiet mot kommunistane. Det var likevel tverrpolitisk semje om den nye utanrikspolitikken. Juho Kusti Paasikivi sat som president frå 1946 til 1956, og han sette namn på den nye politikken andsynes Sovjetunionen, Paasikivi-linja, seinare Paasikivi-Kekkonen-linja.

I 1951 skifta partiet namn til Samlingspartiet, og det same tiåret var òg ei tid for idémessig reform i partiet. Sosialkonservatismen og sterk statsmakt med tona ned til fordel for personleg fridom, sosial marknadsøkonomi og pluralisme. I 1958 braut ein fraksjon ut og danna Kristdemokraterna. Samlingspartiet stod utanfor regjering frå 1966 til 1987 på grunn av kritikken sin mot president Urho Kekkonen og finske kommunistar. Ein ny generasjon politikarar vann makta i partiet i 1970-åra, og ønskte å forbetra forholdet til president Kekkonen. Arbeidet deira lykkast delvis i slutten av 1970-åra, men partiet vart verande utanfor regjering fram til Kekkonen gjekk av.

Etter eit svært godt val i 1987 vart Harri Holkeri den første statsministeren til partiet sidan Paasikivi. Av ulike grunnar opplevde finsk økonomi ein resesjon i Holkeris tid som statsminister, og partiet tapte valet i 1991 Samlingspartiet vart likevel sitjande i skiftande koalisjonsregjeringar fram til 2003, og sat deretter fire år i opposisjon. I 2007 kom partiet attende i regjering, og vart største parti for første gang i 2011 Jyrki Katainen vart statsminister, og året etter vart Sauli Niinistö vald til president i eit valskred. Undersøkingar viser at Samlingspartiets tilhengarar oftare enn befolkninga i gjennomsnitt bur i dei sørlege delane av Finland og i byane. Av dei store partia er òg Samlingspartiet det som har høgast del kvinnelege veljarar, og er det største partiet blant yngre veljarar.

Leiarar

endre
  • Hugo Suolahti 1918–1919
  • E.N. Setälä 1920
  • Antti Tulenheimo 1921–1924
  • Hugo Suolahti 1925
  • Kyösti Haataja 1926–1932
  • Paavo Virkkunen 1932–1933
  • Juho Kusti Paasikivi 1934–1936
  • Pekka Pennanen 1936–1942
  • Edwin Linkomies 1943–1944
  • K.F. Lehtonen 1945
  • Arvo Salminen 1946–1954
  • Jussi Saukkonen 1955–1965
  • Juha Rihtniemi 1965–1971
  • Harri Holkeri 1971–1979
  • Ilkka Suominen 1979–1991
  • Pertti Salolainen 1991–1994
  • Sauli Niinistö 1994–2001
  • Ville Itälä 2001–2004
  • Jyrki Katainen 2004–2014
  • Alexander Stubb 2014–2016
  • Petteri Orpo 2016–d.d.

Kjelder

endre
  1. «Puolueiden jäsenmäärien kehitys (ilmoitetut jäsenrekisteritiedot)» (på finsk). 28. november 2016. Henta 26. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Kokoomus in Brief» (på engelsk). Kokoomus. Arkivert frå originalen 3. juli 2009. Henta 28. juni 2012. 
  3. «Periaateohjelma» (på finsk). Kokoomus. Arkivert frå originalen 2. juli 2012. Henta 28. juni 2012. 
  4. «Historia» (på finsk). Kokoomus. Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 28. juni 2012. 
  5. «Kokoomus kääntyi tukemaan sukupuolineutraaleja avioliittoja» (på finsk). 13. juni 2010. Arkivert frå originalen 20. april 2012. Henta 28. juni 2012.