Samnaun (retoromansk Samignun) er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 808 innbyggjarar (2010) og eit areal på 56 km². Kommunesenteret ligg 1846 meter over havet. Tysk er språket i kommunen.

Samnaun
Kommunevåpenet til Samnaun
Kommunevåpenet til Samnaun


Plassering
Samnaun is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Inn
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

56,18 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

808
  14,4 /km²
Koordinatar 46°56′0″N 10°21′0″E / 46.93333°N 10.35000°E / 46.93333; 10.35000
Høgd over havet 1846 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7563
Nettstad: www.gemeindesamnaun.ch

Kommunen ligg i Ramosch kreis. Han ligg på venstresida av Engadindalen og består av dei fem landsbyane Compatsch, Laret, Plan (Plaun), Ravaisch og Samnaun. Samnaun si nordgrense går langs fjellkjeda Samnaunfjella, som samstundes dannar grense mot Austerrike. Høgste fjellet i kommunen er Muttler, som tvertimot ligg på kommunen si sørgrense.

På 1800-talet kunne ein berre nå Samnaun via vegen frå Spiss i Austerrike. Samnaun vart derfor friteken frå sveitsiske tollområde, og fekk privilegium som tollfritt område. Dette vart opprettheldt då kommunen fekk vegsamband til Martina i Inndalen i 1905.

Den tidlegare skirennaren Martin Hangl er frå Samnaun.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre