Samo shampioni
«Samo shampioni» (bulgarsk for Berre vinnarar) er det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på bulgarsk av Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov. Songen er skriven av Elitsa Todorova og Kristian Talev.
«Samo shampioni» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Bulgaria | ||||
Artist(ar) | Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov | ||||
Språk | Bulgarsk | ||||
Komponist(ar) | Elitsa Todorova og Kristian Talev | ||||
Låtskrivar(ar) | Elitsa Todorova og Kristian Talev | ||||
Resultat | |||||
Bulgaria i Eurovision Song Contest | |||||
|
Nedelya x 3
endre10. februar 2013 annonserte Bŭlgarska natsionalna televiziya (BTN) at dei hadde valt Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2013.[1] Tre songar vart presenterte på fjernsynsprogrammet Nedelya x 3 17. februar 2013, og 3. mars 2013 vart songane sende direkte på fjernsyn slik at fjernsynssjåarane og ein jury kunne røyste fram ein vinnar som ville representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2013.
Finalen
endreSongen starta som nummer tre, etter «Kismet». Bidraget fekk tre poeng frå juryen og sju poeng frå fjernsynssjåarane, medan «Kismet» fekk sju poeng frå juryen og tre poeng frå fjernsynssjåarane. Båe songane fekk ti poeng, men «Kismet» vann av di songen hadde fått flest poeng av fjernsynssjåarane. 11. mars 2013 vart «Kismet» trekt attende og bytta ut med «Samo shampioni» av di rettane til songen braut med reglane i Eurovision Song Contest.
Eurovision Song Contest 2013
endreAv di «Kismet» vart trekt attende og «Samo shampioni» enda på andreplass i den bulgarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 får songen representere Bulgaria. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Bulgaria vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 2
endreSongen starta som nummer sju, etter Malta med «Tomorrow» av Gianluca Bezzina og før Island med «Ég á líf» av Eythor Ingi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samo shampioni» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Fotnotar
endre- ↑ «Elitsa & Stoyan to represent Bulgaria!» (på engelsk). Eurovision.tv. 10. februar 2013. Henta 23. mars 2013.