Samora Machel

mosambisk politikar

Samora Moisés Machel (29. september 193319. oktober 1986) var frå 1975 til 1986 den fyrste presidenten i republikken Mosambik. Han omkom då presidentflyet styrta i eit fjellområde nord i Sør-Afrika.

Samora Machel

Statsborgarskap Portugal, Mosambik
Fødd 29. september 1933
Gaza
Død

19. oktober 1986 (53 år)
Mbuzini

Yrke politikar
Språk portugisisk
Politisk parti FRELIMO
Religion ateisme
Ektefelle Graça Machel, Josina Machel
Samora Machel på Commons

Liv endre

Oppvekst endre

Machel var fødd i ein landsby i Gaza-provinsen i det sørlege Mosambik, fram til 1975 ein portugisisk koloni. Etter å ha gått på ein katolsk misjonsskule til han var 17 år, fekk han høve til å utdanne seg til sjukepleiar og arbeidde dei neste åra i helsestellet.

Frigjeringskamp endre

Machel rømde frå Mosambik til Tanzania då han i 1963 fekk greie på at han var ettersøkt av det hemmelege politiet (PIDE). Etter å ha fått militær opplæring i Algerie i regi av frigjeringsrørsla FRELIMO, reiste han i 1964 tilbake til Mosambik og slutta seg til den ganske nystarta frigjeringshæren. Machel steig snøgt i gradane, og då FRELIMO-leiaren Eduardo Mondalane vart drepen gjennom ei brevbombe i 1969, tok Machel og to andre styringa i rørsla. I 1970 vart han vald til president i FRELIMO, som var på militær frammarsj i den nordlege delen av kolonien. Etter at diktaturet vart avskaffa i Portugal våren 1974, nekta FRELIMO og Machel å inngå noko slags kompromiss med dei nye makthavarane.

President endre

Den 25. juni 1975 vart Machel innsett som det sjølvstendige Mosambiks fyrste president. Han nasjonaliserte straks all grunn, ingen person fekk eige jord. Også skulane og sjukestellet vart nasjonalisert. I 1977 erklærte FRELIMO at ein ville fylgje eit marxistisk-leninistisk program, bygde på alliansen mellom arbeidarar og bønder. Under Machel var Mosambik ein sosialistisk eittpartistat med nære band til Sovjetunionen, Folkerepublikken Kina og Aust-Tyskland, men ikkje utan kontaktar med stormakter i Vestverda. Gjennom det meste av Machels styringstid låg fiendslege makter som Sør-Afrika og Sør-Rhodesia i strid med Mosambik.

Død endre

Den 19. oktober 1986 var Samora Machel på veg heim frå eit internasjonalt møte i Malawi, då presidentflyet krasjlanda i Lebombofjella nær Mbuzini i Sør-Afrika, like ved grensa til Mosambik og Swaziland. Ni av dei 34 ombord overlevde, president Machel og fleire mosambikiske regjeringmedlemer var mellom dei som omkom. Flystyrten vart mykje omdiskutert, mellom anna vart det spekulert om han kunne skuldast sabotasje regissert av det sørafrikanske apartheidregimet.

Kjelder endre