Samordna opptak (ofte forkorta «SO») er ein institusjon som koordinerer opptaket til høgare utdanning i Noreg. Kontoret til SO ligg i Oslo og er underordnet Kunnskapsdepartementet med IT-tilknyting til Universitetet i Oslo.

Det er berre opptaket til grunnutdanningar («førsteåret») som går føre seg gjennom Samordna opptak. For masterpåbygningar, etter- og vidareutdanningar må ein søkje til kvar enkelt skole. Det blir da kalla lokalt opptak.

Alle statlege og mange private skular er med i Samordna opptak. Ein av dei største skolane som ikkje er med i Samordna opptak, er BI. Politihøgskulen er ein annan.

Grunnen til at Samordna opptak vart oppretta, var å lette søknadsprosessen for søkjarane ved at dei slapp å sende inn søknader til kvar enkelt lærestad. Det lettar òg sakshandsaminga for lærestadene, sidan dei saksbehandlar søkjarar for kvarandre og det då blir færre søknader å behandle totalt. Før Samordna opptak hadde lærestadane også i høg grad eigne opptaksregelverk med forskjellige reglar for å vera kvalifisert og for poengutrekning. No er dette meir likt på alle deltakande lærestader.

Søknadsprosessen (2005) endre

Det går an å søkje anten på papirskjema eller på nettsida til SO. Den ordinære søknadsfristen er for tida 15. april. Denne gjeld for alle søkjarar som har norsk/nordisk utdanning som opptaksgrunnlag. Søkjarar som ønskjer spesiell vurdering eller førehandsløfte eller søkjer på grunnlag av IB, Rudolf Steinerskole, realkompetanse eller utanlandsk utdanning, må søkje innan 1. mars. Denne fristen gjeld òg for søkjarar som har mellombels opphaldstillatelse.

Eit par veker etter søknadsfristen har gått ut, får søkjarane tilsendt eit omslagsark. Saman med dette skal søkarane sende innan dokumentasjonen som skal leggjast til grunn for vurderinga av søknaden. Dette kan til dømes vera vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande skole, praksisattestar frå jobbar, vitnemål frå folkehøgskole, militært eller sivilt tenestebevis og karakterutskrift frå høgare utdanning. Omslagsarket skal sendast til den saksbehandlande institusjonen. Som oftast er dette den skolen som ein har sett opp som førsteønskje. I enkelte tilfelle kan det hende at ein skal saksbehandlast av fleire skolar. Dette gjeld mellom andre alle realkompetansesøkjarar og ofte ordinære søkjarar som søkjer på studium med opptaksprøver. Omslagsarket må i så fall sendast til alle dei saksbehandlande institusjonane.

Dokumentasjon for utdanning og liknande som blir avslutta i løpet av våren, skal ettersendast dit ein har sendt omslagsarket innan 1. juli.

Den/dei saksbehandlandande institusjonen/-ane vurderer om søkjaren er kvalifisert for studiet og nivårangerer søkjaren (sjå nedanfor). Resultatet frå hovudopptaket blir offentleggjort 20. juli. Søkjarane svarar på om dei ønskjer plassen eller ikkje.

Studium der det blir ledige plassar etter opptaket (hovudopptak eller suppleringsopptak), kan bli lagt ut på restetorget. Der blir studieplassane delt ut til kvalifiserte nye søkjarar etter prinsippet «først til mølla».

Dersom ein søkjar klagar på saksbehandlinga, går den saksbehandlande institusjonen gjennom søknaden på nytt. Dersom dei er ueinige med klagaren, går søknaden til Felles klagenemnd, som er ei nemnd som er felles for alle skolane.

Opptakskrav (kvalifisert) endre

Det vanlegaste kravet for å vera kvalifisert til eit studium, er at ein har «generell studiekompetanse» (GSK). Nokre utdanningar har likevel spesielle opptakskrav i tillegg, for eksempel medisinutdanninga, som krev at ein har ekstra matematikk (2MX, 2MY eller 3MZ), fysikk (2FY) og kjemi (3KJ). Andre utdanningar kan ein også vera kvalifisert til utan GSK. Eit døme på det er næringsmiddelteknologiutdanninga, der ein også er kvalifisert med anten teknisk fagskole, forkurs for ingeniør- og maritim utdanning eller tilpasningskurs for næringsmiddelteknologi.

Alternativt kan ein til alle utdanningar søkje om å bli kvalifisert på grunnlag av realkompetanse. Opptakskravet blir da bestemt av den enkelte institusjonen som tilbyr studiet. Ofte blir det kravd at ein har relevant jobberfaring, samt visse kunnskapar i norsk, engelsk og eventuelt matematikk.

Generell studiekompetanse endre

Kravet til GSK er regulert i Forskrift om opptakskrav til grunnutdanningar ved universitet og høgskolar («opptaksforskrifta»). Kravet er delt i eit fagkrav og eit krav om omfang. Begge må oppfyllast.

Fag endre

  • Norsk, 14 veketimar
  • Engelsk, 5 veketimar
  • Matematikk, 5 veketimar
  • Naturfag, 5 veketimar
  • Samfunnsfag: Nyare historie, 4 veketimar, og samfunnslære, 2 veketimar

Omfang endre

  • 3-årig vidaregåande skole eller
  • Fag-/sveinebrev eller
  • Søkjar er over 23 år og har praksis og eller praksis/utdanning som totalt har omfang på minst 5 år fulltid (23/5-regelen)

Fagkravet nemnt over gjeld dei faga ein har etter Reform 94. Det finst ei rekkje overgangsordningar for søkjarar som har vidaregåande utdanning frå eldre strukturar på vidaregåande skolar.

Reglane er òg annleis for søkjarar med nordisk eller anna utanlandsk utdanning.

Ein oppnår alltid GSK dersom ein i Reform 94 fullfører og består eitt av desse treårige løpa:

  • Allmenne, økonomiske og administrative fag
  • Musikk, dans og drama
  • Idrettsfag
  • Formgjevingsfag med VKII Teikning, form og farge
  • Naturbruk med VKII Naturforvaltning

Nivårangering endre

Søkjarar som blir vurdert til å vera kvalifisert for eit studium (generell studiekompetanse, realkompetanse og anna), blir nivårangert. Dette er regulert i Forskrift for rangering av søkere ved opptak til grunnutdanninger til universiteter og høgskoler («rangeringsforskrifta»). For søkjarar med norsk og anna nordisk utdanning, skjer som oftast rangeringa ved hjelp av poeng. Søkjarar med realkompetanse og utanlandsk utdanning er blant dei som ikkje kan poengreknast og får individuell vurdering, dvs. vurdering ut frå skjøn, der dei skal rangerast i forhold til dei poengrekna søkjarane som får tildelt studieplass.

Dersom det er fleire som ønskjer plass på eit studium enn det er studieplassar, blir studieplassane tildelt dei som når høgast opp i nivårangeringa. Vi kan da seie at studia har ei poenggrense.

Poengutrekning endre

Når ein reknar ut poenga på ein søkjar, tar ein utgangspunkt i karaktersnittet til søkjaren. I tillegg kan søkjaren få fordjupingspoeng, realfagspoeng, bonuspoeng, kjønspoeng, alderspoeng og poeng for høgare utdanning/folkehøgskole/førstegongsteneste.

Nokre søkjarar kan poengreknast på fleire måtar, for eksempel både ut frå 3-årig vgs. og 23/5-regelen. Søkjaren får da tildelt den høgaste av poengsummane.

Poengutrekninga for medisinutdanninga (legestudiet) er litt annleis enn for dei andre studia.

Bakgrunnsstoff endre