San José i Costa Rica

San José er hovudstaden og største by i det latinamerikanske landet Costa Rica. Byen er òg hovudstad i provinsen San José. I 2011 hadde byen 288 054 innbyggarar, medan hovudstadprovinsen til saman hadde 2 115 000. San José ligg 1 170 meter over havet.

San José
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: Chepe
Land  Costa Rica
Kanton San José
Provins San José
Høgd 1 161 m
Areal 44,62 km²
Folketal 288 054 (2011)
Grunnlagd 1738
Tidssone CST (UTC-6)
Kart
San José i Costa Rica
9°55′57″N 84°04′46″W / 9.9325111111111°N 84.079580555556°W / 9.9325111111111; -84.079580555556
Wikimedia Commons: San José, Costa Rica

Historie

endre

Inntil 1824 var San José berre ein liten landsby. Dette året, då den første valde regjeringa i Costa Rica vart vald, bestemte Juan Mora Fernández at hovudstaden skulle flyttast ut av den tidlegare spanske kolonibyen Cartago og byrje på ein ny start for landet. Den nye hovudstaden voks fort, mykje grunna stor optimisme i Costa Rica og Latin-Amerika generelt.

Bydelar

endre

San José er inndelt i elleve bydelar:

  1. El Carmen
  2. Merced
  3. Hospital
  4. Catedral
  5. Zapote
  6. San Francisco de Dos Ríos
  7. La Uruca
  8. Mata Redonda
  9. Pavas
  10. Hatillo
  11. San Sebastián

Viktige institusjonar

endre
  • Universidad de Costa Rica, som er det første universitetet i Costa Rica, vart grunnlagd i San José i 1843 under namnet «Universidad de Santo Tomás», «Sankt Tomas Universitetet».
  • San José er vert for hovudkvarteret til den interamerikanske domstolen for menneskeretter.
  • 23 km vest for sentrum, ligg flyplassen til byen, Juan Stantamaría internasjonale flyplass, like ved Alajuela.
  • Costa Rica sin nasjonalbank ligg i San José, som er mykje høgare enn nærliggande bygningar.

Viktige attraksjoner

endre
 
Teatro Nacional de Costa Rica, nasjonalteateret i Costa Rica.
  • La Sabana Metropolitan Park
  • Avenida Central - gågata i byen og det viktigaste handel- og næringsområdet
  • Plaza de la Cultura
  • Melico Salazar
  • Museo Del Oro - «Gullmuseumet»
  • Lankester Jardines Botánicos - Botanisk hage
  • del Rey - hotell og kasino
  • Teatro Nacional de Costa Rica - Nasjonalteateret

Klima

endre

Temperaturen i San José-provinsen ligg på mellom 18 °C og 26 °C. Regntida varar frå april til november.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: San José i Costa Rica