Sand i Ryfylke

(Omdirigert frå Sand sokn i Ryfylke)
Sjå òg sand (fleirtyding)

Sand er ein tettstad og kommunesenter i Suldal kommune i Rogaland fylke.

Sand
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Suldal
Areal 1,03 km²
Folketal 1 203  (2023)
Folketettleik 1 168 / km²
Kart
Sand i Ryfylke
59°29′12″N 6°15′04″E / 59.48666667°N 6.25111111°E / 59.48666667; 6.25111111
Wikimedia Commons: Sand, Suldal

Tettstaden Sand endre

Tettstaden er kommunesenteret i Suldal kommune og har 1 203 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det går ferje frå Sand over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46. Staden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. Her er mellom anna kulturhus, hotell og hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her ligg òg Sand kyrkje frå 1852.

Sand sokn endre

Soknet omfattar bygdene rundt indre Sandsfjorden, ytre Saudafjorden og store delar av Hylsfjorden. Det har 1 506 innbyggjarar og høyrer til Ryfylke prosti. Sand sokn høyrer til Ryfylke prosti.

Sand kommune endre

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sand sokn ein del av Jelsa kommune. Sand vart frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 1 600 innbyggjarar. I 1965 vart Sand kommune med 1 135 innbyggjarar nedlagd og vart ein del av Suldal kommune.

 
Sand kyrkje

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

 

Sjå òg endre