Sandefjord kommune
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Sandefjord kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke, som i vest grensar til Larvik og Lardal, i nord til Re og Tønsberg og i aust til Nøtterøy og Tjøme. Kystlinja til kommunen er om lag 160 km lang, og går frå Vestfjorden i nord til Sandefjordsfjorden i sør. Kommunen omfattar også 124 øyar. Kommunesenteret Sandefjord ligg inst i Sandefjordsfjorden.
Sandefjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Adm.senter | Sandefjord | ||
Areal | 422,26 km² | ||
- land | 414,79 km² | ||
- vatn | 7,47 km² | ||
Folketal | 65 574 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Bjørn O. Gleditsch (H) | ||
Kommunenr. | 3804 | ||
![]() Sandefjord kommune | |||
Wikimedia Commons: Sandefjord | |||
Nettstad: www.sandefjord.kommune.no | |||
Sandefjord kommune omfattar dei tidlegare kommunane Sandefjord, Andebu og Stokke. Samanslåinga blei vedtatt i statsråd 24. april 2015 med verknad frå 1. januar 2017.[1] Med dette er Sandefjord den nest største kommunen i Vestfold i areal etter Larvik, men i folketal den største kommunen.
SamferdselEndra
Sandefjord lufthamn, Torp har samband til nasjonale og internasjonale destinasjonar. Ferjeselskapet Color Line driv ei ferjerute til Strömstad i Sverige. Både Vestfoldbanen (med togstopp på Sandefjord stasjon og Torp stasjon) og Europaveg 18 går gjennom kommunen.
NæringslivEndra
Kommunen har mykje jordbruksareal. Jordbruket er særleg konsentrert om korndyrking og hagebruk, i tillegg til storfe og hønsehald. Skogbruket er i hovudsak basert på avverking av gran.
Kystlinja langs Sandefjordsfjorden, Mefjorden og Lahellefjorden er om lag 83 kilometer lang og er eit populært friluftsområde med stor hytteutbygging. Dei to halvøyane mellom Sandefjordsfjorden og Tønsbergfjorden (Østerøya og Vesterøya, delt av Mefjorden) har små gardsbruk, samlingar av bustader og feriehus.
Kommunen har vidaregåande skolar med varierte studieretningar, Skiringssal folkehøyskole og avdeling av Handelshøyskolen BI.
Folk frå SandefjordEndra
- Anita Hegerland (f. 1961), songar og plateartist
KjelderEndra
- ↑ «Første sammenslåing i kommunereformen». Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Regjeringa.no. 24. april 2015. Henta 3. januar 2017.
- «Sandefjord» i Store norske leksikon, snl.no.