Sander Berge

norsk fotballspelar

Sander Gard Bolin Berge (fødd 14. februar 1998) er ein norsk fotballspelar frå Bærum. Han er midtbanespelar og gjer sidan januar 2020 teneste i den engelske fotballklubben Sheffield United.

Berge seriedebuterte med Asker Skiklubb i 2013, eit lag på nivå 3 i seriesystemet. Sesongane 2015 og -16 spelte han for Vålerenga i den norske toppserien. Frå januar 2017 til januar 2020 var han aktiv i den belgiske klubben KRC Genk. 30. januar 2020 skreiv han kontrakt med Sheffield United, eit lag som spelte i Premier League.

Frå landslagsdebuten mot Nord-Irland i Belfast i mars 2017 har Berge delteke i 24 av Noregs landskampar pr oktober 2020. Han har skåra eitt landslagmål.

KjelderEndra