Sandlo
Sandlo
Sandlo
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av sandlo
Utbreiinga av sandlo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: Sandlo C. hiaticula
Vitskapleg namn
Charadrius hiaticula

Sandlo er ein fugleart i lofamilien.

Utsjånad endre

Sandloen liknar mykje på den mindre dvergloen, men er som namnet seier større. Fuglen er 17-19,5 cm lang, med eit vengespenn på 35–41 cm. Vekta er 40-80 gram.

Ryggen er gråbrun og undersida kvit. Den korte nebben er mørk framme og gul inst. Beina er gulaktige og augen svarten. Den fremre delen av hovudet er svart-kvitt teikna. Fuglen har også ein brei svart halsring. Til skilnad frå dvergloen har sandloen kvitt vengeband, som viser tydeleg i flukta. Hann og ho er likt farga.

Læte endre

Lokke- og varselsropet er eit tostava "tu-ipp".

Utbreiing og taksonomi endre

Sandloen hekkar på karrige havstrender i det nordlege Eurasia og det noraustre Canada. I fjelltrakter kan arten også hekke i innlandet, men elles er sandloen sjeldsynt ved ferskvatn.[2]

Taksonomi endre

Sandloen vert delt opp i to eller tre underarter:

Mellom somme er taksonet psammodroma som hekkar på Island, Grønland og i det nordaustre Canada rekna som eigen underart. Underartane blandar seg i grenseområda.

Førekomst i Noreg endre

Truleg hekkar noko slikt som 12 000 par i Noreg. Arten er mest talrik i Nord-Noreg og i Trøndelag der fuglane hekkar både på kysten og til fjells. Lengre sør finst fuglane meir sparsamt, men dei hekkar vanleg i indre fjellstrok sørover til Hardangervidda og langs kysten spesielt på Nordvestlandet, Jæren og rundt Oslofjorden.

Hekking endre

 
Charadrius hiaticula

Fuglane vert kjønnsmogne eit år gamle og hekkar frå mai til august. Reiret er ei grop på marka med små steinar rundt. Hoa legg fire sandfarga, mørkt flekkete egg som begge foreldra rugar. Rugetida er 23-25 døgn. Ungane kan flyge etter tre til fire veker. Når inntrengarar trugar lokkar foreldra dei i ei anna retning for å verne ungane.

Føde endre

Sandloen et mark, sniglar, krepsdyr, edderkoppar, insekt og insektlarvar.

Trekktilhøve endre

Fuglane reiser frå landet i august-september. Nominatunderarten overvintrar langs kystane av det sørvestlege Europa frå Dei britiske øyane og sørover til atlanterhavskysten av Nord-Afrika. Dei nordlege sandloane overvintrar gjennomgåande lengre sør, og hoppar altså forbi dei sørlege sandloane. Vårtrekket går i mars-april.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sandlo Charadrius hiaticula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.