63°32′N 9°6′E / 63.533°N 9.100°E / 63.533; 9.100 Sandstad er eit sokn og ei bygd i Hitra kommune, Trøndelag fylke.[1][2] Bygda ligg på søraustsida av Hitra ved Trondheimsleia og hadde 230 innbyggjarar i 2001. Næringslivet er prega av jordbruk, særleg i kombinasjon med fiske. Det er ferjefritt fastlandssamband gjennom Hitratunnelen (Fv 714).

Sandstad låg tidlegare i Sandstad kommune. Den tidlegare kommunen vart skipa 1914 då han vart skilt ut frå Fillan. I 1964 vart Sandstad, saman med Fillan og Kvenvær, slått saman med Hitra til nye Hitra kommune. Soknet i dag svarar til den tidlegare kommunen.

Namnet kjem av norrønt Saundulfsstaðir, av mannsnamnet Sandulfr, og staðr, 'bustad'.

Kjelder endre

  1. «Sandstad». Kartverket. Henta 8. november 2018. 
  2. «Sandstad kirke». Kyrkjesøk. Henta 8. november 2018. 

«Sandstad. – kommune» i Store norske leksikon, snl.no. «Sandstad. – tettbebyggelse» i Store norske leksikon, snl.no.